Kya fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein holme langt til havs utanfor Buholmråsa fyrstasjon i Osen kommune i Trøndelag. Fyret er det nordlegaste på Fosen.

Fyrtårnet er eit 22,5 meter høgt sylindrisk støypejernstårn på ein høg sokkel av hogd stein. Den opphavleg 2. ordens lynblinklinsa er byta ut med ei mindre, fast linse. I tårnet finst ein liten bustaddel. I tillegg til tårnet finst eit naust, ein landing og ein skjenelagd gangveg. Fyrstasjonen har vanskelege landingstilhøve og naustet er forma får å gje sjøen minst mogeleg motstand. Kya er ein av dei mest vêrharde stasjonane langs norskekysten.

Fyrstasjonen vart automatisert og avfolka i 1958 og er i dag freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg Fyr i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Trøndelag Kategori:Kulturminne i Osen Kategori:Samferdsle i Osen Kategori:Byggverk i Osen Kategori:Freda bygg i Trøndelag