Djoma (russisk Дёма) er ei elv i Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Belaja frå venstre i nedslagsfeltet til Volga. Elva er 535 km lang, med eit nedbørfelt på 12 800 km² og ei middelvassføring på 35 m³/s.

Ho har kjelda si på nordsida av Obsjtsjij Syrt-høgdene i grenseområdet til Orenburg oblast. Djoma renn nordaustover og inn i Basjkortostan, der ho dannar ein brei dal. Elva renn her sakte, i eit sterkt svingande elveløp med mange meanderar og kroksjøar, særskild i den nedste strekninga før ho munner ut i Belaja.

Byen Davlekanovo ligg ved Djoma og elvemunningen ligg innanfor grensen til byen Ufa, i bydelen Djoma, som er kalla opp etter elva.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Дёма» frå , den 17. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Basjkortostan Kategori:Elvar i Orenburg oblast