Jurjuzan (russisk Юрюзань; basjkirsk Йүрүҙән) er ei elv i Basjkortostan og Tsjeljabinsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ufa frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.
Elva er 404 km lang, med eit nedslagsfelt på 7 240 km². Jurjuzan munnar ut i Pavlovskoje-reservoaret i Ufa. Middelvassføringa til elva er 55 m³/s ved munningen.
Elva frys til ein gong mellom andre halvdel av oktober og tidleg desember og er islagd til april. Elva er framkommeleg får båtar dei nedste 16 kilometrane. Langs elva ligg byane Jurjuzan og Ust-Katav.
Av sideelvar finn ein Bereziak, Katav, Kutkurka og Bulanka.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Юрюзань (река)» frå , den 19. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Basjkortostan Kategori:Elvar i Tsjeljabinsk oblast