Oskol (russisk Оскол) eller Oskil (ukrainsk Оскiл) er ei elv i Ukraina og Russland og den største sideelva til Donets frå venstre.

Elva er 436 km lang og har eit nedslagsfelt på . Kjelda til elva ligg i Timkinskom rajon i Kursk oblast. Breidda av elvefaret er i hovudsak 10 til 40 meter breitt, men stundom opp mot 300 meter. Djupna varierer frå om lag 0,2 til nesten 10 meter. 10 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 43,1 m³/s. Oskol har ei gjennomsnittleg helling på 0,29 meter per kilometer.

Oskol munnar ut i Donets 580 km frå munningen hennar. Elva frys til i november eller tidleg i desember og vert isfri att i mars eller tidleg i april. Isen har ein gjennomsnittstjukkleik på 0,45 m.

Rundt 10 km før munningen i Donets ligg Tsjervonoskil-reservoaret, som vart sett i drift i 1958 for flaumvern og vasskraftproduksjon.

Langs Oskol ligg fleire byar som Staryj Oskol, Novyj Oskol og Valujki i Russland, og Kupjansk i Ukraina.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Оскол (река)» frå , den 19. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Belgorod oblast Kategori:Elvar i Kursk oblast Kategori:Elvar i Ukraina Kategori:Kharkiv oblast Kategori:Internasjonale elvar i Europa Kategori:Den russisk-ukrainske grensa