Sven Aarrestad () var ein norsk fråhaldsaktivist og Venstre-politikar. Han var landbruksminister i Noreg 1906–1908.
Aarrestad vart fødd på Varhaug, som låg i Hå kommune, men flytte med foreldra til Time kommune som fireåring. Han utdanna seg til folkeskulelærar og virka 1878–1891 som førstelærar ved Sande høgare allmennskule i Vestfold. I 1891 vart han vald som venstremann til stortingsrepresentant for Jarlsberg og Larviks amt og slo seg ved same tid ned som gardbrukar i Sande. Han representerte Jarlsberg og Larviks amt 1892–1894 og (som «Samlingsmann») 1906–1909. 7. november 1906 vart han utnemnd til statsråd og leia Landbruksdepartementet. Han trådde frå i 1908 og vart same år utnemnd til amtmann i Nedenes amt. 1900–1909 var han medlem av landsstyret til Venstre.
Aarrestad gav fleire gongar støyten til viktige tiltak for landbruket, mellom anna danninga av Norsk Landmandsforbund, men viktigast var han som forkjempar for fråhaldssaka. I 1883 vart han redaktør for fråhaldsbladet Menneskevennen, og han var formann i Det Norske Totalavholdsselskap 1887–1927; i det heile vart han etter kvart den leiande mannen for fråhaldspartiet i Noreg.
Aarrestad vart av kongen 18. mars 1908 forfremma til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden «for statsborgarleg og embedsforteneste». Han hadde i 1901 vorte utnemnd til riddar av 1. klasse. Aarrestad var også innehavar av storkrossen av Dannebrogsordenen.Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgjeve av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 70.
Verk Bibelen og Afholdssagen (1889) Samlagsspørgsmaalet (med Andreas Lavik, 1895) Praktisk sundhedslære for skole og hjem (1900) Vort Stræv mod Rusdrikkene: Indlæg i Døgnets Strid (1905) Avholdsfolket og det nye ølet: foredrag (1913) Elisabeth Edland: et liv i det godes tjeneste (1920) Straum og bakevje: ymse innlegg i striden um forbodet (1922) Ta lærdom av livet (1923) Min stilling til forbudet i 1911 (1926) Om avvæpning (1927) Den store sak i vår tid (1930) Spredte trekk fra kampen om forbudet i Norge (1933)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sven Aarrestad» frå , den 22. oktober 2008. oppgav desse kjeldene: Per Fuglum: Utdjupande artikkel i Store Norske Leksikon Store Norske Leksikon om Aarrestad
Fotnotar
Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Norske revisjonsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Michelsen Kategori:Statsrådar i Regjeringa Løvland Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Aust-Agder Kategori:Ordførarar i Sande i Vestfold Kategori:Venstreordførarar i Vestfold Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Folk frå Hå Kategori:Folk frå Time