Muja (russisk Муя) er ei elv nord i Burjatia i Russland og ei av sideelvane til Vitim frå venstre.
Ho startar mellom fjella Mujakanskogo og Nord-Mujskogo frå eit lite fjellvatn, og renn frå her nordaustover. Den nedre delen av Muja er rik på fisk (aure, harr, tungun og sik).
Ei av dei største sideelvane hennar er Ukuolkita frå høgre etter 284 km, og etter dette aukar vassføringa i elva kraftig.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Муя (приток Витима)» frå , den 22. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Burjatia