Bitjug (russisk Битюг) er ei elv i Tambov og Voronezj oblast i Russland og ei av sideelvane til Don frå venstre. Elva er 379 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 18,2 m³/s.
Bitjug renn sørover Oka-Don-sletta og gjennom ein brei og stadvis myrlendt dal. Vestsida er høg og skogkledd, medan austsida er låg og hovudsakleg består av dyrka steppeland. Det meste av vasstilførselen til elva kjem frå snøsmelting.
Elva er islagt frå desember til mars/april. Byen Bobrov ligg ved elva.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bitjug» frå , den 24. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Voronezj oblast Kategori:Elvar i Tambov oblast