Inja (russisk Иня) er ei elv i Kemerovo og Novosibirsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 663 km lang og har eit nedslagsfelt på .

Inja spring ut frå eit høgdedrag i den sentrale delen av Kuznetsksenkinga og renn så vestover gjennom Kemerovo oblast og inn i Novosibirsk oblast der ho munnar ut i Ob, berre 5 km søraust for sentrum av byen Novosibirsk.

Ved landsbyen Berjosovka, rundt 30 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 45,6 m³/s (minimum i februar med 8,6 m³/s, maksimum i mai med 195 m³/s). Nær munningen er elva rundt 60 m brei, 1,5 m djup og har ein straumfart på om lag 0,2 m/s. Dei største sideelvane er Kasma (russisk: Касьма), Ur (russisk: Ур), Zaboburykha (russisk: Забобурыха), og Batsjat (russisk: Бачат).

Ved Inja ligg byane Polysajevo, Leninsk-Kuznetskij og Togutsjin. Elva renn gjennom eit relativt tett folkesett område og kryssa av fleire jernbanelinjer.

Inja frys til i byrjinga av november og er isdekt til vårløysinga i midten av april. Ved høg vasstand vert ho nytta til tømmerfløyting.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Inja ved Ob» frå , den 27. oktober 2008. oppgav desse kjeldene: Store sovjetiske leksikon R-ArcticNET - Eit regionalt, elektronisk, hydrografisk datanettverk for den arktiske regionen

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Kemerovo oblast Kategori:Elvar i Novosibirsk oblast Kategori:Sideelvar til Ob