28. desember er den 362. dagen i den gregorianske kalenderen (363. under skotår). Det er 3 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Religiøs helgedag
mini|Barnemorda i Betlehem. Framstilling frå 900-talet.
Den katolske kyrkja: Dei uskuldige barna i Betlehem
Primstaven Barnedagen, til minne om massakren på smågutar i Betlehem. Markert med ein halv kross, eit sverd eller eit drikkehorn. Dette var ein dag då ungar kunne vitja kvarandre og halda fest eller mora seg på isen.
Namnedag
Hendingar
Utlandet 418: Innsetjinga av pave Bonifatius I. 1836: Spania godtok sjølvstende for Mexico. 1895: Lumière-brørne viste film for publikum for første gong. 1908: 75 000 blei drepne i eit jordskjelv i Messina i Italia. 1937: Den irske fristaten blei til republikken Irland. 2000: Adrian Năstase blei statsminister i Romania.
Noreg 1924: Motorkuttaren «Isstjernen» gjekk frå Aurvåg i Herøy mot Ålesund. Dagen etter vart båten sett drivande ut for Harøya i Romsdal, utan teikn til liv om bord. Ingen av dei åtte fiskarane vart nokon gong attfunne.
mini|Herborg Kråkevik
Fødde
1856: Woodrow Wilson, president av USA 1903: John von Neumann, ungarsk-amerikansk matematikar 1922: Ragnar Christiansen, norsk politikar 1933: Inger Bjørnbakken, skirennar 1950: Øivind Blunck, norsk skodespelar 1954: Denzel Washington, amerikansk skodespelar 1955: Liu Xiaobo, kinesisk litteraturvitar og menneskerettsaktivist 1969: Linus Torvalds, finsk programmerar 1973: Herborg Kråkevik, skodespelar og songar 1977: Olaug Nilssen, norsk forfattar
Døde
1694: Dronning Maria II av England 1736: Antonio Caldara, italiensk komponist 1829: Jean-Baptiste de Lamarck, fransk biolog 1912: Ola Mosafinn, norsk musikar 1924: Leon Bakst, russisk kunstmålar 1937: Maurice Ravel, fransk komponist 1947: Kong Viktor Emmanuel III av Italia 1963: Paul Hindemith, tysk komponist 2001: Arne Rettedal, norsk politikar 2004: Susan Sontag, amerikansk forfattar 2025: Brigitte Bardot, fransk dyrevernaktivist, skodespelar, songar og mannekeng