Malaja Koksjaga (russisk Малая Кокша́га, marisk Изи Какшан – Izi Kakšan) er ei elv i Mari El i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 194 km lang og har eit nedslagsfelt på .
Elva spring ut frå dei nordlege områda av republikken og renn gjennom provinshovudstaden Josjkar-Ola. Ho munnar ut i Volga via Kujbysjev-reservoaret ved Koksjajsk. Malaja Koksjaga får mesteparten av vassføringa si frå snøsmelting. Elva er isdekt frå november til april. Elveløpet er buktande med mange meanderar og kroksjøar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Malaja Koksjaga» frå , den 30. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Mari El Kategori:Sideelvar til Volga