Arnafjord kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1880 i Vik kommune i Vestland. Kyrkja ligg på Nese på vestsida av Arnafjorden. Tilkomst til staden er via Fv92.

Dagens kyrkje erstatta ei kyrkje frå 1645 som var vorte for lita, og dessutan var i dårleg stand. Ein del materialar frå gamlekyrkja vart brukt i den nye.

Arnafjord kyrkje er soknekyrkje i Arnafjord sokn i Sogn prosti.

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder

«Arnafjord kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane sitt Fylkesleksikon Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Arnafjord kirke», s. 344 Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971

Bakgrunnsstoff Om Arnafjord sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen

kategori:Kyrkjer i Vik kategori:Kyrkjer i Sogn prosti kategori:langkyrkjer i Bjørgvin kategori:norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Kulturminne i Vik Kategori:1880 i Noreg