mini|Namnetrekket til Eliza Johnson, kona til den amerikanske presidenten Andrew Johnson. mini|Eliza Krasińska med barn. Måleri av Franz Xaver Winterhalter frå 1843.

Eliza er ei engelsk kortform av kvinnenamnet Elizabeth som etter kvart er blitt eit namn i sin eigen rett. Det er mykje brukt i heile den engelsktalande verda, men er uvanleg i Noreg, der Elisa og Elise dominerer.

Kjende namneberarar Eliza Acton (1799–1859), engelsk forfattar Eliza Crosby Allen (1803–1848), amerikansk redaktør Eliza Flower (1803–1846), britisk musikar og komponist Eliza Agnew (1807–1883), amerikansk kristen misjonær Eliza Allen Starr (1824–1901), amerikansk kunstnar, kunstmeldar og lærar Eliza Ann Gardner (1831–1922), afroamerikansk abolisjonist, religiøs leiar og kvinnerørsleleiar Eliza Bushyhead Alberty (1839–919), cherokee-pedagog og forretningskvinne Eliza Frances Andrews (1840–1931), amerikansk forfattar, botanikar og lærar Eliza Ashton (1851–1900), australsk journalist Eliza Gardiner (1871–1955), amerikansk kunstnar Eliza Jane Ashley (1917–2020), amerikansk kokk og forfattar

I kulturen Eliza er namnet på ein opera av Thomas Augustine Arne Eliza er ei slaveheltinne i romanen Hytta hans farbror Tom Eliza Doolittle er heltinne i skodespelet Pygmalion av George Bernard Shaw og musikalen My Fair Lady

Dataprogrammet ELIZA, som simulerer ein samtaleterapeut, er kalla opp etter Eliza Doolittle.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av engelsk opphav