Voronja (russisk Воронья) er ei elv på Kolahalvøya i Murmansk oblast i Russland. Elva er 150 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 114 m³/s.

Voronja renn frå Lovozero midt på Kola og rett nordover. Ho munnar ut i Voronjabukta i Barentshavet like ved den mindre tettstaden Gavrilovo.

Det er utbygd to vasskraftverk langs elva med ein total kapasitet på 351 MW og ein årleg produksjon på 1069 GWh.

Sjå òg Samiske stadnamn i Russland

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Voronja» frå , den 30. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Murmansk oblast