Karasuk (russisk Карасук) er ei elv i Novosibirsk oblast i Russland. Elva er 531 km lang og har eit nedslagsfelt på .
Karasuk spring ut 100 km sørvest for Novosibirsk, på 190 moh. Ho renn sørvestover gjennom ein vid dal sør på Barabasteppene, til ho munnar ut i eit endorheisk bekken med små sjøar og myrområde rundt 105 moh, på grensa til Kasakhstan. Ved høg vasstand renn noko vatn frå aust for byen Karasuk sørover over Tsjuman (russisk: Чуман) til elva Burla (russisk: Бурла)Store sovjetiske leksikon, og ein annan del i nordleg retning over greina Baganjonok (russisk: Баганёнок) til elva Bagan (russisk: Баган). Karasuk har ingen større sideelvar.
I den nedre delen av elva ligg byen og jernbaneknutepunktet Karasuk.
Kjeldeområdet til Karasuk vart 26. mars 2007 erklært som spesielt verneverdig område.Pressemelding fra nettstedet «Sibirskij Projekt» (russisk)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karasuk (elv)» frå , den 31. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Novosibirsk oblast