Hersvik kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1891 i Hersvikbygda nord på Sula i Solund kommune i Vestland. Dette er den fyrste kyrkja på staden.

Attende i mellomalderen skal det ha vore eit kapell på Lågøy som folket ytst i Solund truleg sokna til, men det er ukjend når det kom bort. I hundreåra mellom Lågøy-kappelet og Hersvik kyrkje sokna folk i området til Vilnes kyrkje på Atløy i Askvoll prestegjeld og Øn kyrkje i Hyllestad prestegjeld.

Hersvik var eige sokn til dei tre sokna i Solund prestegjeld vart slegne saman til eitt i 2000.

Altartavla er måla av Mons Breidvik i 1920, og viser Jesus som bergar Peter frå drukning i stormen på Genesaretsjøen.

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Hersvik kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Hersvik kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971

Bakgrunnsstoff Om Solund sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen

Kategori:Kyrkjer i Solund Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:Norske kyrkjer frå 1891 Kategori:Kulturminne i Solund