Leiv Aalen () var ein norsk teolog frå Rennesøy. Han var professor ved Menighetsfakultetet frå 1957 til 1976. Aalen stod for streng lutheranisme og låg i strid med dei meir pietistiske representantane på Menighetsfakultetet.
Doktorgradsavhandlinga til Aalen kom i 1952 og heitte Den unge Zinzendorfs teologi. Han gav òg ut Ord og Sakrament i 1966, og i lag med broren Sverre Aalen, gav han ut Bakenfor inferno. Oppgjør med tradisjonelle forestillinger om helvete i 1955.
Kjelder
Kategori:Professorar ved Menighetsfakultetet Kategori:Norske teologiprofessorar Kategori:Folk frå Rennesøy