Tura (russisk Тура́), òg kalla Dolgaja, er ei elv i Sverdlovsk og Tjumen oblast i Russland og ei av sideelvane til Tobol frå venstre. Elva er 1030 km lang og har eit nedslagsfelt på .

Tura er farbar for båtar 753 km oppover frå munningen. Ho frys til i slutten av oktober, og er islagd til april/mai.

Dei største sideelvane hennar er Salda, Tagil, Nitsa og Pysjma.

Byer som ligg ved Tura er Verkhnjaja Tura, Nizjnjaja Tura, Verkhoturje, Turinsk og Tjumen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tura» frå , den 1. november 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Sverdlovsk oblast Kategori:Elvar i Tjumen oblast