Tvertsa (russisk Тверца́) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 188 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 55 m³/s.
Startpunktet til Tvertsa vert rekna for å vere den 2,9 km lange Starotveretskijkanalen, som går mellom elva og Visjnevolotskoje-reservoaret. Reservoaret hentar opp til 80% vatnet frå elva Tsna over til Tvertsa. Tvertsa frys til mellom november og tidleg i januar, og er islagd til månadsskiftet mars/april.
Byane Torzjok og Vysjnij Volotsjok ligg ved Tvertsa. Byen Tver ligg ved munningen i Volga.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tvertsa» frå , den 2. november 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Tver oblast Kategori:Sideelvar til Volga