Bolsjoj Jenisej eller Bij-Khem (russisk Большо́й Енисе́й («Store Jenisej») eller Бий-Хем ) er ei elv i republikken Tyva i Russland og ei av kjeldeelvane til Jenisej frå høgre. Elva er 605 km lang og har eit nedslagsfelt på .

Elva spring ut frå eit lite fjellvatn kalla Kara-Balik. Ho tar imot mange sideelvar i områda som grensar til Burjatia, Irkutsk oblast og Krasnojarsk kraj. Ved byen Kyzyl renn Bolsjoj Jenisej saman med Malyj Jenisej og dannar Øvre Jenisej, som er starten på Jenisej.

Den øvre delen av elva renn gjennom eit tilnærma urørt landskap, som berre er tilgjengeleg via lufttransport eller til fots. Her ligg ni utdøydde vulkanar som har skapt mange geologiske formasjonar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Большой Енисей» frå , den 2. november 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Tyva