Kotorosl eller Kotorost (russisk Ко́торосль) er ei elv i Jaroslavl oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå høgre. Elva er 132 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 30 m³/s.
Elva spring ut frå Nerosjøen ved Rostov, og renn gjennom Karabikha. Ho munnar ut i Volga i Jaroslavl. I mellomalderen var elva særs strategisk viktig sidan ho knytte Rostov til dei viktigaste vassvegane i Russland. Den viktigaste sideelvane hennar er Ustje, som renn gjennom Semibratovo til Borisogleb.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kotorosl» frå , den 3. november 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Jaroslavl oblast Kategori:Sideelvar til Volga