Vest-Kaukasus er eit område vest i Kaukasus frå Svartehavet til Elbrus. Det inkluderer verdsarvstaden som ligg 50 km nord for den russiske feriebyen Sotsji og består av dei vestlegaste områda av Kaukasusfjella. I følgje UNESCO er dette det einaste større fjellområde som er urørt av menneske. Området er særs variert over eit lite område og varierer frå lågland til isbrear.
mini|venstre|Vest-Kaukasus sett frå Krasnaja Poljana.
Området inneheld Det kaukasiske statlege naturlege biosfærereservatet (russisk Кавказский государственный природный биосферный заповедник) som vart oppretta av sovjetiske styresmakter i delar av Krasnodar kraj, Adygia og Karatsjajevo-Tsjerkessia i 1924 for å bevare nokre 85 meter høge eksemplar av nordmannsedelgran, som ein meiner er dei høgaste trea i Europa, og ein unik skog av barlind innanfor bygrensene til Sotsji. Om lag ein tredjedel av fjellartane er rekna som endemiske. Området inkluderer òg Sotsji nasjonalpark.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Western Caucasus» frå , den 4. november 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Omtale ved UNESCO
Kategori:Biosfærereservat i Russland Kategori:Skogar i Russland Kategori:Verdsarv i Russland Kategori:Kaukasus