mini|Batymetrisk/topografisk kart over Nordishavet og områda rundt Mendelejevryggen (russisk Хребет Менделеева - Khrebet Mendelejeva) er ein brei midthavsrygg i Nordishavet frå Aust-Sibir-havet ved Den sibirske sokkelen til sentrale området av havet. Han er knytt til Alfaryggen i Det amerasiatiske bassenget. Han er kalla opp etter Dmitrij Mendelejev. Ryggen vart oppdaga i 1948 av ekspedisjonar frå Sovjetunionen. Namnet vart godkjend av kommiteen for geografiske namn og nomenklatur for havbotn (SCGN, i dag SCUFN) i april 1987.

Mendelejevryggen er medverkande til det Russland sitt krav på NordpolenOuter limits of the continental shelf beyond 200 nautical miles from the baselines: Submissions to the Commission: Submission by the Russisk Federation CLCS. Dei sameinte nasjonane Området som vert lagt krav på av Russland dekkjer ein stor del av Nordishavet, inkludert Nordpolen.Area of the continental shelf of the Russian Federation in the Arctic Ocean beyond 200-nautical-mile zone Eit av argumenta er at Mendelejevryggen og Lomonsovryggen er fortsetjinga ar kontinentet Eurasia. I 2002 verken avslo eller godtok SN-kommisjonen det russiske kravet, men tilrådde vidare undersøkingar.

Opphavet til ryggen er framleis usikkert på grunn av lite data og at det er uklårt om det er ein del av kontinentet eller havbotn og om opphavet er knytt til Alfaryggen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mendeleev Ridge» frå , den 4. november 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Havryggar Kategori:Russisk geografi Kategori:Nordishavet