Østlands-Posten (ØP) er ei dagsavis som kjem ut i Larvik i Vestfold. Ho held til på Fritzøe Brygge. Østlands-Posten dekker Larvik og Lardal kommune i sørlege delar av Vestfold. Ansvarleg redaktør er Eirik Haugen.
Historie Avisa vart grunnlagd som venstrepolitisk avis i 1881. 1896–1995 var Østlands-Posten eigd av familien Næss. Ho vart ei partipolitisk sjølvstendig dagsavis etter Venstre si splitting i 1972.
Driftselskapet er Østlands-Posten AS som er eigd av A-pressen ASA sidan 1995.
Østlands-Posten er i dag ein del av eit mediehus som i tillegg til eiga avis eig lokalavisene Tvedestrandsposten, Aust-Agder Blad (Risør), Porsgrunns Dagblad, Øyene og Jarlsberg Avis. I tillegg er mediehuset største lokalradioaktør i Vestfold, i tillegg til at ein driv sitt eige distribusjonsselskap.
Opplagstal
Østlands-Postens nettavis er største lokale nettstad i søndre Vestfold.
Bøk Østlands-Posten lanserte 29. februar 2008 et nytt spesialmagasin, Bøk. ØP-journalist Kjersti Bache fekk redaktøransvaret for magasinsatsinga.
Svenner.no Østlands-Posten lanserte 22. mai 2008 ei eiga nettavis for Stavern og land kalla svenner.no.
Nærradio
Østlands-Posten har drive nærradio to gonger tidlegare: først Radio ØP (1985–1987, på eigen konsesjon), så Radio Larvik (2005–2007, på Radio Sentrum sin konsesjon). I 2008 søkte Østlands-Posten om såkalla allmennkonsesjon og 2. juni 2008 vart det klart at avisa fekk konsesjon.
Avisa eig 49 % av aksjane i Radio Tønsberg.
Bakgrunnsstoff Østlands-Posten
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Østlands-Posten» frå , den 9. november 2008.
Kategori:Kultur i Larvik Kategori:Aviser i Vestfold Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser skipa i 1881 Kategori:1881 i Noreg Kategori:A-pressen