Valdres utgjer eit rikt tradisjonsområde for hardingfelespel, og herifrå er det dokumentert mange særeigne slåttar som ikkje høyrer til dei store slåttegruppene. Valdresspelet har hatt fleire kjerneområde, i Øystre Slidre, Vestre Slidre og Aurdal. Det finst og ei eiga tradisjonsline for Vang i Valdres, gjerne med tilknyting til Sogn.
Bonde/Lydarslått/Halling
24: Friaren, etter John N. Dahle, Valdres
52: Gamal bondedans, etter Annfinn J. Kvam, Vang i Valdres 55: Halling, etter Ola Okshovd, Øystre Slidre 56: Skjervin, bondelått etter Annfinn J. Kvam, Vang i Valdres
24: Lydarlått, etter Nils Beitohaugen, Øystre Slidre 40: Halling, etter Annfinn J. Kvam, Vang i Valdres 49: Hurrabakken, etter Annfinn J. Kvam, Vang i Valdres 53: Brurlåt, etter Annfinn Kvam, Vang i Valdres 54: Lydarslått, etter Ola Okshovd, Øystre Slidre 66: Halling, etter Ola Li, Øystre Slidre 75: Fan på Øltunna, etter Andreas Hauge, Aurdal
Den vande låtten.
Springar etter kjelde
Nils Beitohaugen
Nils Beitohaugen var frå Øystre Slidre.
143: Draumen 144: Hansegarden 149: Likferdssalmen åt Jomin 150: Slåtten som Hinmannen plistra i kyrkjetårnet 154: Grålysing 327: Grålysingsslått. Bjørndal gamle slåttar hefte 2 nr 6. Beitohaugen hadde slåtten etter Torgeir Hegge i Øystre Slidre. Dei møttest på 1880-talet. Grålysingsslåttane var nytta på morgonsida i bryllaup.
John N. Dahle
John N. Dahle var frå Øystre Slidre.
142: Gamle Sara 178: Bech-Hansen 179: Beitohaug-slått 180: Kristen Feier
Ola Okshovd
Ola Okshovd var frå Øystre Slidre.
157: Ljosblått 159: Springar 160: Springar 161: Okshovden 162: Teigen 165: Springar 166: Skjemt og ålvor 140: Ulrik Jensestogun, etter Rudi og Okshovd 183: Oskesekken, etter Knut Øysteinsson Rudi og Ola Okshovd 355: Springar. Ljosblått stille. Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1064).
Okshovdslåttar etter andre spelemenn:
184: Springar etter Ola Okshovd, etter Ola Bøe, Vestre Slidre 186: Springar etter Ola Okshovd, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre
Ivar Ringestad
Ivar Ringestad var frå Vestre Slidre.
146: Hamresbrøtin 147: Haugseten 151: Hurraslått 152: Ljosblått 158:Springar 164: Storeskøltin
Andreas Hauge
Andreas Hauge var frå Nord-Aurdal. Arne Bjørndal skreiv opp slåtter etter han i 1925 og omatt i 1947.
153: Røyselagje 169: Nykkjen 170: Ein grålysing 171: Låtten som Hinmannen blistra i kyrkjetårnet 172: Sissel 173: Fanteguten 442a: Brekke-Enkja. Nedskrift Arne Bjørndal 1947 (B 2158). Segna seier at Brekke-Ekkja at i stor velstand, men hadde ikkje hug til anna enn dans. Når ho skulle danse, ville ho helst ha denne slåtten. Slåtten har vore spela på Langeleik i Hallingdal. Her heiter slåtten Moreguten. 442b: Springar. Nedskrift Arne Bjørndal 1925 (B 324). Hauge hadde lært denne forma etter mor si, Marit Andresdotter Follinglo, i 1870-åra. Ho var god til å tralle. Ho hadde slåtten frå Bendik i Nøen, som venteleg hadde han frå Jørn Hilme. Første taket i slåtten minner om Bokkoen.
Olav Moe
Olav Moe var frå Nord-Aurdal, ein av dei fremste spelemennene der.
175: Trumpen 176: Ljøsblå 318: Springarstubb. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1399). Slåtten er i slekt med springaren Fanteguten (nr 173). 320: Hilmespringar. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1395). Slåttenamnet er etter spelemannen Jørn Hilme. Slåtten vart spela inn tre gonger, kvar gong med nokre avvik.
Andre kjelder
141: Springar, etter Ulrik Jensestogun, Nord-Aurdal 148: Kari Dalen, etter Gudbrand Istad, Øystre Slidre 156: Låtten etter gamle Nordlanden, etter Annfinn Kvam, Vang i Valdres 168: Springar, etter Anders Bundi, Vang i Valdres 185: Springar, etter Ola Bøe, Vestre Slidre 319: Bustebakken, etter Gudbrand Istad, Øystre Slidre. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 437). Istad hadde slåtten etter Torstein Bustebakke frå Øystre Slidre. 328: Slipesteinsslåtten, etter Knut Øysteinsson Rudi, Øystre Slidre. Bjørndal gamle slåttar hefte 1 nr 2.
Slåttegrupper tilknytte Valdres
Sumarkveld i Jotunheimen
Hardingfeleverket nr 371. Slåtten er bygd ut av Ola Okshovd og John N. Dahle, på grunnlag av ein eldre form dei kalla Hanse-Håkon. Dei skal ha gjort dette kring 1910. Slåtten går på Forstemt (G-C-A-E), og har vore populær som konsertslått. Ei form vart utvikla vidare av Sjur Helgeland frå Voss, og slåtten nådde og Telemark, og vart nytta av Eivind Mo og Halvor Klonteig. Her er det berre skrive opp to former:
a: etter John N. Dahle, Vestre Slidre. Nedskrift Truls Ørpen 1921 (Ø 196) b: etter Halvor Klonteig, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter minne (G 1233). Han lærte slåtten av Klonteig i 1924.
Raklekjølkin
Hardingfeleverket nr 398. Nedstilt bass. Båe former er skrivne ned av Arne Bjørndal etter Erik Moen frå Øystre Slidre i 1934. Variant b (B 1397) er noko større enn variant a (1396). Ein raklekjølke er nemninga på ein kar som ikkje er noko tess. Stevet går:
O inkje æ' e' nokon raklekjølkje, o inkje æ' de' so langt ifrå, O inkje vil e' fylgje beno følkje ne' dai haimatt frå kyrkjun gå.
(etter Erik Moen ved Andres Hauge.
Springar etter Ola Fystro
Hardingfeleverket nr 399. Båe former er skrivne ned av Arne Bjørndal etter Ulrik Jensestogun frå Nord-Aurdal i 1912. Jensestogun hadde slåtten etter Bendik i Nøen, som nok hadde lært slåtten av Nils Hilme. Den eine varianten er kalla Låtten hass Arne ved Leira.
a: Bjørndal 456, etter Bendik i Nøen. b: Bjørndal 1149, etter Ola Fystro.
Sylkjegulen
Hardingfeleverket nr 400. Slåtten skal vera etter Bendik i Nøen. Slåtten viser til ein med sylkegult hår. Namnet er og nytta på springaren Slidringen, og former av Jondølen. Båe former av slåtten er skrivne ned etter Ola Okshovd frå Øystre Slidre.
a: Nedskrift Eivind Groven 1952 etter opptak i NRK (G 871). b: Nedskrift Arne Bjørndal 1934 (B 1026). Okshovd har lært slåtten av far sin, Gullik Okshovd.
var. 521a høyrer til denne slåttegruppa, urettvist sett saman med Slidringen. Forma er etter Lars Skjervheim frå Voss, og skriven ned av Sven Nyhus i 1977. Slåtten er venteleg komen til Voss frå Valdres.
Nordlanden
Hardingfeleverket nr 401. Slåttenamnet er etter spelemannen Knut Nordland frå Vang i Valdres.
a: etter Ola Okshovd. Nedskrift Truls Ørpen 1916 (Ø 550). Okshovd hadde slåtten frå Nils Beitohaugen, som hadde han frå Knut Nordland. b: etter Torleiv Bolstad. Nedskrift Eivind Groven 1952 etter opptak i NRK (G 763).
Knut Vøle
Hardingfeleverket nr 402. Nedstilt bass. Båe former er skrivne ned etter Ola Okshovd. Namnet på slåtten er etter spelemannen Knut Olsson Vøle frå Hegge i Øystre Slidre. Eldre skriftform er Vårum (Knut Vårums springar).
a: skriven ned av Arne Bjørndal 1934 (B 1043b). Okshovd hadde forma etter far sin, Gullik Okshovd. b: skriven ned av Truls Ørpen 1916 (Ø 299). Okshovd hadde forma etter Nils Beitohaugen, eller far sin.
Gamle Husin
Hardingfeleverket nr 450.
a:Hilmespringar, etter Olav Moe, Nord-Aurdal. Nedskrift Eivind Groven 1959 (G 1140, NRK magn. 990). Slåttenamnet er etter Jørn Hilme. b:Ein tå Veksaro, etter Andris Dahle, Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Dahle hadde slåtten frå bestefaren Ivar Ringestad i Vestre Slidre. Ivar Ringestad hadde slåtten frå Ola Hamrisbrøta, han att frå Knut Ringestad, som hadde slåtten frå Jørn Hilme. Namnet kan tyde på at motiva "veks" under spelinga, eller at det er to som spelar. I alt finst det sju Veksarslåttar, springarar alle. Olav Moe sa at dette var det same som Tvibeitslåttar. c:Gamle Husin, etter spelemannen Andreas Hauge, Nord-Aurdal. Hauge lærte slåtten av Ola Fystro frå Nord-Aurdal. Husin var ein uvanleg sprek kar, mjuk og ledig, og ein framifrå dansar. Husin dansa ofte til denne slåtten, som då var spela av Bendik i Nøen.
Røynelåtten
Hardingfeleverket nr 451.
a: Røynelått (Låtten hass Halvor), etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Bolstad hadde slåtten etter Engebret Beitohaugen frå Øystre Slidre. b: Røynelåtten, etter Andris Dahle, Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Dahle hadde slåtten frå bestefar sin, Ivar Ringestad. c:Springar frå Telemark, etter Bjarne Øen, Bø i Telemark. Nedskrift Truls Ørpen 1938 (Ø 260). Øen lærte slåtten av Einar Lund i Bø. Alle andre nedskrivne former av slåtten er frå Valdres.
Perigarden
Hardingfeleverket nr 452.
a: Perigarden, etter John N. Dahle, Øystre Slidre. Nedskrift Eivind Groven 1922 (G 484). Dahle hadde slåtten etter Jøger Sagahaugen frå Øystre Slidre. Perigarden er ein gard i Gol, og slåtten er kalla opp etter ein dugande dansar herifrå. b: Springar, etter Ulrik Jensestogun, Nord-Aurdal. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 434). Jensestogun hadde slåtten frå Bendik i Nøen (1868). c: Perigarden, etter Andris Dahle, Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Dahle hadde slåtten etter bestefaren Ivar Ringestad, Vestre Slidre. Andreas Hauge og Olav Moe nytta og denne slåtten. Har noko likskap med Godversdagen etter Odd Bakkerud, Nes i Hallingdal.
Springar etter Hamrisbrøta
Hardingfeleverket nr 454.
a: Springar, etter Nils Beitohaugen, Øystre Slidre. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 443). Jøger Sagahaugen nytta denne slåtten mykje, og Beitohaugen lærte han i 1880. b: Springar etter Jørn Hilme, etter Olav Moe, Nord-Aurdal. Nedskrift Eivind Groven 1954 (G 863, NRK magn. 940). c: Springar etter Hamrisbrøta, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Bolstad lærte slåtten av Ola Okshovd, Øystre Slidre, men fekk og nokre detaljar av Olav Moe.
Springar etter Jøger Sagahaugen
Hardingfeleverket nr 460. Slåtten er og nytta på Voss.
a: Springar, etter Ola Okshovd, Øystre Slidre. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 1039). Jørn Hilme spela og denne slåtten. b: Sagahaugen, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Bolstad lærte slåtten av Ola Okshovd. Namnet er etter Jøger Sagahaugen. c:Springar, etter Nils Brakvatn, Hamre i Nordhordland. Brakvatn skreiv sjølv opp slåtten, og Arne Bjørndal skreiv han ut for hardingfele. Brakvatn hadde slåtten frå Nils Helle, som hadde han frå Johannes Fossmark i Bruvik. d: Springar, etter Ola Mosafinn, Voss. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 )(B 113). Mosafinn lærte slåtten av Johannes Fossmark i 1850.
Sjåheimen
Hardingfeleverket nr 461. Namnet er etter spelemannen Knut Sjåheim som reiste til Amerika i unge år. Slåtten er i Ringestad-tradisjon, frå Vestre Slidre. Han er og kjend i Sogn.
a: springar etter Hamrisbrøta, etter Ivar Ringestad, Vestre Slidre. Nedskrift Arne Bjørndal 1912 (B 436). Ringestad lærte slåtten kring 1890 av Ola Hamrisbrøta, Brøtaguten dei kalla. Han hadde fått slåtten frå Knut Ringestad, far til Jørn Røn. b: Springar etter Jørn Røn, etter Ivar Ringestad, Vestre Slidre. Bjørndal gamle slåttar hefte IV nr 2. Ringestad hadde slåtten frå Jørn Røn. c:Sjåheimen, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Bolstad hadde slåtten etter Olav Okshovd. Forma er bygd ut av Knut Sjåheim. d:Stemmesmitten, etter Lars Sande, Vik i Sogn. Nedskrift Arne Bjørndal 1916. Stemmesmitten er ein stein i nærleiken av Sande i Kyrkjebø. Lars Sande grunnstøytte på denne steinen ein gong han spela slåtten i ein robåt.
Springaren som Styggen blistra i kyrkjetårnet
Hardingfeleverket nr 463. Ringestadtradisjon frå Vestre Slidre, men og nytta av Jørn Hilme. Slåtten er og kjend i Sogn.
a: Springar etter Anders Sagen, Vik i Sogn. Bjørndal gamle Slåttar hefte V nr 10. Sagen lærte slåtten av Jens Fresvik, Skrangle-Jens dei kalla, i 1850-åra. b:Springar, etter Gudbrand Istad, Volbu. Nedskrift Arne Bjørndal 1912 (B 346). Istad lærte slåtten kring 1850 av Halvor Skatrud, Øystre Slidre. c: Hilmespringar, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre. Nedskrift Eivind Groven 1953 (G 811). Etter Jørn Hilme. d: Springaren som Styggen blistra i kyrkjetårnet, etter Andris Dahle, Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Dahle hadde slåtten etter bestefaren Ivar Ringestad.
Purkekragin