Slaget ved Fontenoy den 11. mai 1745 enda med ein fransk siger over den britisk-nederlandsk-hannoverske «pragmatiske arméen» under den austerrikske arvefølgjekrigen. Han vart utkjempa nær Fontenoy i Dei austerrikske Nederlanda i dagens Belgia.

Opptakten til slaget mini|venstre|120px|Moritz av Sachsen

Franske styrkar under marskalk Moritz av Sachsen (De Saxe) hadde utmanøvrert dei allierte med ein skinnmanøver mot byen Mons, som trekte dei allierte styrkane dit. De Saxe marsjerte så med hovudhæren sin mot Tournai som var forsvart av ein nederlandsk garnison på 7000 mann og erobra byen. Med den franske omleiringa av Tournai, vart dei allierte tvungen til å frigje byen sidan han var innkomsten til Flandern. Ein hær som bestod av britar, folk frå Hannover, nederlendarar og austerrikarar under hertugen av Cumberland rykte fram mot Tournai. Denne allierte hæren vart kalla Den pragmatiske hæren sidan han bestod av eit forbund av statar som støtta den pragmatiske sanksjonen av 1713 som anerkjende Maria Teresia som keisarinne av Det tysk-romerske riket.

Slaget De Saxe hadde sett franskmennene i stilling på ei lita høgde og hadde eit sterk utgangspunkt for å kompensere for at dei hadde noko dårlegare kvalitet enn det britiske infanteriet. Kongen av Frankrike, Ludvig XV, var til stades på slagmarka. Den franske linja gjekk rettvinkla langs landsbyen Fontenoy. På kvar side av Fontenoy var der posisjonar som var forsterka med reduttar og feltskansar. Den franske høgresida var i landsbyen Antoing og kvilte ved elva Schelde, medan venstreflanken var i skogane ved Le Bois de Barry. De Saxe valde og forma posisjonen for å leie det allierte åtaket inn i eit ope område mellom Fontenoy og skogane. mini|120px|Kong Ludvig XV Den pragmatiske hæren gjorde som han ønskte der marskalk Koningseck førte den austerrikske kontingenten mot Antoing, fyrst Waldeck gjekk til åtak på Fontenoy med nederlendingane, og Cumberland førte hovudstyrken til britane og hannovarane mot trakta mellom Fontenoy og skogen med om lag 15 000 soldatar og 20 kanonar.O'Callaghan, John Cornelius. History of the Irish Brigades in the Service of France, London, 1870. s.351. Waldeck sine to åtak på Fontenoy til venstre for britane vart slått tilbake og Ingoldsby på den britiske høgreflanken klarte ikkje å ta redutten d'Eu slik at denne sida hos britane var utsett for eld frå denne posisjonen.

Mot all forventing klarte britane å passere Fontenoy i ei stor, lang rekkje, kalla «helvetesrekkja», med engelskmennene på høgresida og hannovarane på venstre. Dei to infanterirekkjene vart pressa saman til tre rekkjer etter kvart som det vart trongare om plassen. Dei fleste av hannovarane i rekkja til venstre danna ei tredje rekkje då dei vendte seg bort frå Fontenoy. I starten kompenserte den overlegne disiplinen til infanteriet for den eksponerte flanken. De Saxe hadde derimot føresett at dette kunne skje. Etter at franskmennene og sveitsarane hadde vorte pressa tilbake av dei kraftige og vedvarande geværsalvane til dei allierte, gav marskalk de Saxe ordre om fleire motåtak med både kavaleriet og infanteriet. Dette toppa seg med eit rasande åtak på den britiske høgresida frå Wild Geese frå den irske brigaden, som tente franskmennene,Mackinnon, Daniel. Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.I, s. 371 sveitsargarden mot hannovarane til venstre, og den franske gardenHamilton, Lieutenant-General F.W..Origin and History of the First or Grenadier Guards, London, 1874, Vol. II. O'Callaghan, John Cornelius. History of the Irish Brigades in the Service of France, London, 1870, s. 361-364. i front av rekkja, og til slutt kavaleriet Maison du Roi. Kampen var særs jamn og dødeleg og nokre av dei britiske regimenta mista halve styrken sin, som Royal Welsh Fusiliers som tapte 322 soldatar.Skrine, Francis Henry. Fontenoy and Great Britain's Share in the War of the Austrian Succession 1741-48. London, Edinburgh, 1906, s.190 Det franske motåtaket stansa etter kvart og dreiv så bort britane frå slagmarka.

520px Etterverknad Sigeren gjorde at franskmennene kunne fullføre omleiringa av Tournai og erobre mange flamske byar i 1745.Mackinnon, Daniel. Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1, s. 374-375. Desse var mellom anna Oudenarde, Brugge, Gent, Nieuport og Ostend, der ein bataljon av britiske Foot Guards og ein garnison på 4000 mann overgav seg.Mackinnon, Daniel. Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1, s. 373, ; s. 376: London Gazette, 25. oktober 1745. I tillegg førte triumfen til Saxe over britane til eit nytt jacobittopprør, the Forty-Five, under the Young Pretender, Bonnie Prince Charlie. Han returnerte til Skottland med ein liten styrke og invaderte England. Han hadde grunn til å tru at det var mogeleg å klare målet, sidan alle bortsett frå 6000 britiske soldatar var på kontinentet og nettopp hadde tapt stort ved Fontenoy. Charles tilbakekomst til Skottland, kombinert med ein makelaus siger i slaget ved Prestonpans, gjorde at Cumberland måtte trekke hæren sin tilbake til England for å ta seg av den jakobittiske invasjonen. Dermed fekk Saxe høve til å ta fleire byar og festningar, som Brussel, Antwerpen, Mons og Charleroi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Battle of Fontenoy» frå , den 13. november 2008. oppgav desse kjeldene: Browning, Reed.The War of the Austrian Succession. St. Martin's Press, New York, (1993): ISBN 0-312-12561-5 Chandler, David. The Art of Warfare in the Age of Marlborough. Spellmount Limited, (1990): ISBN 0-946771-42-1 Duncan, Francis. History of the Royal Regiment of Artillery, London, 1879, Vol.1. Hamilton, Lieutenant-General F.W..Origin and History of the First or Grenadier Guards, London, 1874, Vol. II. Mackinnon, Daniel. Origin and services of the Coldstream Guards, London 1883, Vol.1. O'Callaghan, John Cornelius. History of the Irish Brigades in the Service of France, London, 1870. Skrine, Francis Henry.Fontenoy and Great Britain's Share in the War of the Austrian Succession 1741-48. London, Edinburgh, 1906. Smollett, Tobias. History of England, from The Revolution to the Death of George the Second, London, 1848, Vol.II. Stanhope, Phillip Henry, Lord Mahon. History of England From the Peace of Utrecht to the Peace of Versailles., Boston, 1853, Vol.III.

Bakgrunnsstoff BritishBattles.com BattlefieldAnomalies.com Alain Tripnaux La Genese du Tricorne: The Battle of Fontenoy French soldiers honour role of Irish Brigade , Irish Times Fredag 13. mai 2005

Kategori:Franske slag Kategori:Britiske slag Kategori:Nederlandske slag Kategori:Austerrikske slag Kategori:Hannover Kategori:Slag i den austerrikske arvefølgjekrigen Kategori:Konfliktar i 1745 Kategori:Irsk historie