Tábor er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Tábor okres i regionen Sør-Böhmen i Tsjekkia. Han er kalla opp etter fjellet Tabor i Israel, men namnet vart raskt populært og tyder i dag noko slikt som «leir» på tsjekkisk

Byen vart grunnlagd våren 1420 av Petr Hromádka av Jistebnice og Jan Bydlínský frå Bydlín, som høyrde til den mest radikale greina av hussittane, og vart raskt kjend som taborittar. Byen er kjend for åra han fungerte som eit sosialistisk bondesamfunn. Denne anda vart hylla i Smetana sin «Song for Fridom», som vart gjort kjend i den engelsketalande verda av Paul Robeson.

Den historiske delev av byen ligg på toppen av ein isolert ås, som er skild frå landområda omkring av elva Lužnice og ein stor innsjø, som hussittane gav det bibelske namnet Jordán. Innsjøen, som vart danna i 1492, er det eldste reservoaret av sitt slag i Mellom-Europa. Tábor er historisk kjend fordi han vart erobra av kong Georg av Poděbrady i 1452, ei hending som gjorde ende på taborittane sin innflytelse som politisk og relegiøs gruppe.

Sjølv om mykje av dei gamle festningsverka er øydelagde er borga i Tábor (Hradiště Hory Tábor) framleis bevart med mange minner frå fortida. I sentrum av byen ligg Žižka-plassen som berre smale gater fører til, slik at det var vanskeleg å nå han i krigsperiodar. Under gamlebyen er ein labyrint av eit tunnelsystem, som oppstod då innbyggjarane grave ut kjellarar og knytte desse saman. Om lag 1 km av tunnelsystemet er i dag ope for turistar.

Midt på plassen står ein statue av Jan Žižka, den største av husittarleiarane. Her ligg òg ei kyrkje og rådhuset.

Administrativ inndeling

Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Tábor er ein slik by med utvida fullmakter.

Kommunar Det administrative området til Tábor omfattar 79 kommunar. Av desse er 7 byar (tsjekkisk město) og 4 marknadsbyar (tsjekkisk městys). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift og marknadsbyar med kursiv skrift.

Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Tábor SO 80 753 79 336 78 640

Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Tábor 33 360 Sezimovo Ústí 6 868 Bechyně 4 870 Planá nad Lužnicí 4 234 Mladá Vožice 2 631 Chýnov 2 455 Jistebnice 2 039 1 818 1 801 1 316

Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Tábor 25 625 Sezimovo Ústí 6 868 Bechyně 4 670 Planá nad Lužnicí 3 012 Mladá Vožice 2 196 Chýnov 1 949 1 759 1 355 1 092 1 081 1 047 Jistebnice 952

Bydelar i Tábor mini|250px|Bydelane i Tábor Bydelane og tettstadene i Tábor: Bydel/tettstad Folketal 2021 Tábor 25 625 58 393 37 49 189 Tábor by 26 351 1 355 680 208 1 047 1 092 1 759 340 180 348 Tábor kommune 33 360

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger dels på «Tábor» frå , den 14. november 2008.

Bakgrunnsstoff Ei nettside om byen Historiske bilete av byen Tunnelane med bilete

Sobeslav Sobeslav Sobeslav