Peder Morset () var ein norsk lærar frå Selbu som under andre verdskrigen gjennom engasjement i lærarfronten vart dregen inn i motstandsarbeidet som kurer. Familien kom i søkjelyset til Gestapo, og under ei flukt i fjellet vart sonen Oddmund Morset skoten, medan Peder og sonen Helge vart tekne til fange.
Foreldra til Peder var Ingeborg og Ole, gardbrukarar på Morset i Selbu.
Peder Morset vart skoten på Kristiansten festning 19. mai 1943.
Kjelder Norsk krigsleksikon 1940-45 Sør-Trøndelag fylke, Selbu i Selbu, Ministerialbok nr. 695A08 (1878-1891), Fødte og døpte 1887, side 136.
Litteratur
Hansson, Per, Og tok de enn vårt liv, 1963
Kategori:Norsk motstand under andre verdskrigen Kategori:Folk frå Selbu