Kutná Hora er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Kutná Hora okres i regionen Sentral-Böhmen i Tsjekkia. Byen ligg ved elva Vrchlice (tysk Igel), om lag 56 km aust for Praha. Kutná Hora ligg på ein ås som hadde store mengder sølvmalm i fjellgrunnen. I motsetnad til andre gruvebyar vart han lagt oppå malmen, slik at alle gruvenedgangane ligg inni sjølve byen.

I løpet av mellomalderen gjorde byen fleire forsøk på å overgå Praha, både når det gjaldt prakt, rikdom og makt. I dag har byen om lag 21 000 innbyggjarar, og dei sentrale delane av byen har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1995.

Namn Byamnet er avleidd frå fjellet med same namn ( tyder ‘fjell’). Tyskspråklege segner vil ha det til at ein munk fann sølv medan han arbeida på ein av vingardane, og la kutten (tysk Kutten, tsjekkisk kutny) sin der for å markere staden, derfor namnet Kuttenberg. Det er likevel meir sannsynleg at namnet stammar frå mellomhøgtysk kutte (‘grop’). Namnet kan også vera avleidd frå tsjekkisk kutit (‘å arbeida') eller kutat (‘å minera’), men eit tsjekkisk opphav til namnet er mindre sannsynleg.

Geografi Kutná Hora ligg 56 km aust for Praha. Den austre delen av kommunen ligg i eit flatt jordbrukslandskap i platået Středolabská tabule. Den vestre delen ligg i dei øvre Sázava-åsane og omfattar det høgaste punktet i Kutná Hora, Malý Kuklík på 359 moh. Den vesle elva Vrchlice renn gjennom byen.

Historie

Bronsealderen og jernalderen Arkeologiske funn har vist at området rundt Kaňk-åsen var folkesett av keltarar under Hallstatt- og La Tène-periodane. Ved den keltiske busetnaden mellom Libenice og Kaňk er det gjort ei rekkje keramiske funn frå det 5. til det 1. hundreåret f.Kr. Eit av dei viktigaste funna er ein smelteomn med 10 kg slagg frå det 2.–1. hundreåret f.Kr. med spor av pyrrhotin, koparkis, sinkblende og kopar, som også tener til å visa til tidleg gruvedrift i Kaňk-åsen.

mini|venstre|Illustrasjon av sølvutvinning i Kutná Hora frå 1490-talet. Dei eldste spora etter sølv som er blitt funne stammar frå 900-talet, då Böhmen allereie hadde vore eit vegkryss for langdistansehandel i fleire hundreår. Det er funne sølv-dinarar frå perioden 985–995 i busetnaden Malín, som no er del av Kutná Hora.

Mellomalderen I 1142 grunnla sistersiensarordenen eit kloster her, Sedlec kloster. Dette var det fyrste sistersiensarklosteret i Böhmen, og det vart grunnlagt av munkar frå Waldsassen kloster i Bayern. Suksesshistoria til Kutná Hora starta med at sølvet vart viktig under den økonomiske oppsvingen på 1200-talet. Sølvgruvedrifta her byrja i 1260. Kunnskapen om førekomstane var nok eldre, i det minste tilbake til omkring år 1000. Sølvet trekte til seg fleire nye busetjarar, særleg frå tysktalande område i nærleiken. I den tidlege gruvetida oppstod det fleire mindre busetnadar utan kjende namn. Den fyrste gongen Kutná Hora er nemnd (under det latinske namnet Mons Cuthna) er i 1289.

I år 1300 skreiv kong Václav II av Böhmen ut ein kongeleg resolusjon som regulerte bergverksdrift, og snart etter var ein del erfarne gruvefolk importerte, og drifta og resultata tok seg raskt opp. Ei kort tid etter 1300 vart Kutná sete for det sentralet myntverket i landet, der det vart slått Praha-groschen. Byen vart gradvis den nest viktigaste i Kongeriket Böhmen (etter Praha), og det viktigaste økonomiske sentrumet. Mange av dei påfølgjande kongane treivst godt her, og heldt seg i byen i lengre periodar. Ein del av dei historisk viktige dokumenta for nasjonen Tsjekkia har vorte underskrivne der.

mini|«Det italienske hoffet», det tidlegare myntverket i Kutná Hora.

I desember 1402 vart Kutná Hora erobringsmål for kong Sigismund av Det tysk-romerske riket etter at han hadde teke kong Václav IV til fange. Byen vart kraftig forsvara av innbyggjarane sine, men etter fleire blodige kampar sigra kong Sigismund. Forsvararane vart tvinga til å marsjera til Kolín og knela i underkasting. Sjølv om Sigismund lukkast i erobringa, omkom hetmanen hans Markvart av Úlice etter å ha vorte treft av ei pil under omleiringa av Suchdol slott den 27. desember.

Byen vart erobra av taborittane på 1420-talet, og så godt som heilt nedbrend i striden som følgde. I 1421 brann hussittar ned Sedlec kloster og erobra Kutná Hora. I 1422–1424 vart delar av den tyske folkesetnaden utvist og byen vart råka av to store brannar. Sølvgruvedrifta vart starta att i 1469. Den religiøse freden i Kutná Hora mellom husittar og katolikkar vart underteikna i 1485. Trass i tilbakeslaga vart byen gjenreist, og blømde inntil det braut inn store mengder vatn i den rikaste gruva i 1541. Dette var byrjinga på slutten av stordomstida. Myntproduksjonen tok slutt i 1547. Gruvedrifta enda i 1625.

Tidleg nytid og moderne tid

Nedgangen heldt fram med trettiårskrigen (1618—1648), med raid av svenske styrkar i 1639 og 1643, og ein pestepidemi i 1713. Gruvegangane forfall, og det lukkast ikkje å opne dei på ny, slik at byen vart fattig. I tillegg brann han ned i 1770. I 1727 vart myntverket stengt for godt, og alle forsøk på ny gruveverksemd forlatne. Ved byrjinga av 1800-talet var Kutná Hora framleis ein av dei større tsjekkiske byane, men var i ferd med å verta mindre viktig.

Fram til grunnlegginga av Tsjekkoslovakia i 1918 var byen hovudstad for distriktet med same namn i Austerrike-Ungarn.Wilhelm Klein (1967). Die postalischen Abstempelungen auf den österreichischen Postwertzeichen-Ausgaben 1867, 1883 und 1890

Byen og bygningane mini|Sølvmuseet Hrádek. mini|Frå beinkapellet i Kutná Hora. Som med nabobyen eller forstaden Sedlec har byen strøk som er verdsarv. Gateløpa snor seg gjennom den eldste byen som dei gjorde frå den tidlegaste tida og er breie nok til kjerretransporten på den tida, men er i dag for om lag ein bil og ein fotgjengar på det smalaste. Gruveopningane ligg bak høge murar. Det eldste huset som framleis står er Det italienske hoffet frå slutten av 1200-talet, som tidlegare var kongeleg residens, gildehall/hoff og kongeleg myntstøyperi. Santa Barbarakatedralen (vigd til vernehelgenen for gruvearbeidarar) vart starta i 1368 og var meint å overstråle Karlskatedralen i Praha. Ho er eit godt døme på høggotisk byggekunst, men vart først fullført langt seinare. Òg St. Jakobskyrkja er gotisk, med ei tårnhøgd på 83 meter på det eine tårnet, og sviktande grunn under det andre, som dermed ikkje vart så høgt.

I Sedlec finst òg den gotiske Vår Frue-kyrkja saman med det kjende beinkapellet. Eit anna gotisk bygg, Steinhuset som har fungert som arkiv og museum frå 1902, rommar eit av dei mest rikhaldige arkiva i landet.

Hovudattraksjonar Santa Barbarakatedralen (Kostel Svaté Barbory) St. Jakobskyrkja (Kostel sv. Jakuba) St. Jana av Nepomuk-kyrkja (Kostel sv. Jana Nepomuckého) Voršilek klosterkyrkje (Kostel Kláštera Voršilek) Jesuittskolen (Jezuitská kolej) Det italienske hoffet (Vlašský dvůr) Mariapestsøyla (Morový sloup)

I Sedlec Sedlec Ossuarim (Kostnice Sedlec) Vår frue- og Johannes døyparen-katedralen (Kostel Nanebevzetí Panny Marie a svatého Jana Křtitele, Chrám Nanebevzetí Pany Marie)

Administrativ inndeling

Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Kutná Hora er ein slik by med utvida fullmakter.

Storbyområde Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for Praha og områda rundt. Fem kommunar frå det administrative området til Kutná Hora inngår i dette storbyområdet. Dei er merkte med * i lista nedanfor.

Kommunar Det administrative området til Kutná Hora omfattar 51 kommunar. Av desse er 3 byar (tsjekkisk město) og 5 marknadsbyar (tsjekkisk městys). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift og marknadsbyar med kursiv skrift.

Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Kutná Hora SO 50 447 49 251 49 474

Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Kutná Hora 20 162 Zruč nad Sázavou 4 616 Uhlířské Janovice 3 071 1 379 1 258 1 143 1 072 1 013

Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Kutná Hora 16 817 Zruč nad Sázavou 4 392 Uhlířské Janovice 2 830 1 002

Bydelar i Kutná Hora mini|250px|Bydelane i Kutná Hora Bydelane og tettstadene i Kutná Hora: Bydel/tettstad Folketal 2021 Hlouška 5 156 Šipší 4 439 Žižkov 3 390 Vnitřní Město 2 815 653 364 Kutná Hora by 16 817 1 138 991 813 187 164 52 Kutná Hora kommune 20 162

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Informasjon om Kutna hora www.kutnahora.info

Kutna Hora Kutna Hora Kutna Hora Kategori:Verdsarv i Tsjekkia Kategori:Busetnader grunnlagde på 1200-talet Kategori:Moglege framsideartiklar