Slåttetilfanget i Telemark er rekna for det best dokumenterte innanfor hardingfeletradisjonen. Dette skuldast fleire historiske tilhøve, mellom anna at Telemark tidleg vart rekna som feltområde for folkeminnesamlarar, men og av di mange av dei gjævaste spelemennene på landsbasis kom herfrå. Når det gjeld utvikling av slåttespel, har Telemark vore særskild grøderikt.

Hardingfeleverket har den største slåtteprosenten sin frå Telemark. Her er lista opp dei slåttane som ikkje høyrer til dei store slåttekrinsane. Slåttetilfanget etter Torkjell Haugerud og Johannes Dale står for seg, utom i slåttegruppene nedst.

Gangar

6/8

9: Haustmorgon, etter Gunnulf Borgen, Bø i Telemark . 10: Lomelien, etter Halvor Borgen den yngre, Bø i Telemark . 18: Fykerudgangar, etter Gunnulv Borgen, Bø i Telemark . 19: Knut Sønnstaul, etter Magne Manheim, Seljord . 20: Kaffeslåtten, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark . 21: Gangar frå Voss, etter Gunnulf Borgen, Bø i Telemark . 27: Storegut, etter Eilev Smedal, Seljord . 29: Gausta-gubben, etter Olav H. Tveito, Vinje . 32: Gangar etter gamle Hans Fykerud, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark . 61: Austaden, etter Høye Kvåle, Seljord . 67: Meglaren, etter Eilev Smedal, Seljord . 68: Luråsen, gangar frå Setesdal .

2/4

12: Kåfjell, etter Olav Flåto, Hovin . 59: Halling, etter Kristiane Lund, Bø i Telemark . 65: Halling etter Knut Dale, etter Halvor Staurheim, Bø i Telemark . 67: Tussen i Vettahaugen, etter Gjermund Haugen, Notodden . 77: Gangar, etter Gunnulf Borgen, Bø i Telemark . 79: Torsonen, etter Rikard Berge, Skien . 80: Kristen Lembakk/Vasshusen, etter Olav R. Berge, Rauland . 81: Sveinsongangaren, etter Knut Vindal, Seljord . 82: Bordstabelen, etter Aslaug Rikardsdotter Groven, Lårdal . 83: Murukleiven, etter Gunnleik Smedal, Seljord . 84: Halling, etter Gunnleik Smedal, Seljord . 85: Vårleik, etter Olav Lona, Sauherad . 86: Halling, etter Olav R. Berge, Rauland . 89: Halling, etter Jon Kolbjørnsrud, Heddal . 96: Trollhallingen, etter Knut Dale, Tinn .

Springar etter kjelde

Mikkel Huvestad

Mikkel Huvestad var frå Mo i Telemark.

223: Anne Fjone . Nedskrift Groven 1960 etter tralling (G 1193). Anne Fjone var ei jente i Nissedal, som Olav Napper gjerne ville hatt, og han laga denne slåtten til henne. Han fekk henne ikkje lell.

Hans Smeland

Hans Smeland var frå Seljord. Arne Bjørndal var hjå han i 1911.

240: Springar . (B 795). Smeland hadde slåtten etter far sin, Halvor Striken frå Holla ved Ulefoss. Halvor hadde slåtten frå far sin att, Tor Striken. Tradisjon etter Hans Fiskestigen. 241: Smågutan på Alamoen .(B 817). Smeland hadde slåtten etter Leiv Sandsdalen, Seljord. Alamoen ligg nær Kongsberg, Ein spelemann frå Numedal gjekk etter vegen der, og møtte to smågutar som tulla på ein slått. Spelemannen spurde om han kunne få slåtten av gutane, og det fekk han. Men då han reiste, sa han han var redd han ville gløyme slåtten. Då svara den eine av gutane at han ikkje trong vera redd for det. Han fekk ein streng av guten, og når han sette den på fela, kom slåtten av seg sjølv. Det var tussegutar, dette. Ola Sveinson laga eit dikt til slåtten.

Bjørn Lofthus

Bjørn Lofthus var frå Vinje.

253: Huso-slått . 255: Springar . 256: Springar . 257: Springar .

Bjørn Høgetveit

Bjørn Høgetveit var frå Vinje.

252: Springar . 251: Å køyre vatn og køyre ved .

Lars Hovden

Lars Hovden var frå Høydalsmo. Eivind Groven var hjå han i 1934.

246: Helga Djuviken . (G 424). Hovden hadde slåtten etter Kjetil Håvardsson, som hadde han frå far sin, Håvard Gibøen. Nedstilt bass. 247: Bosbøen . (G 425). Hovden hadde slåtten frå Kjetil Håvardsson, og han att frå Håvard Gibøen. Tor Bosbøen var ein stordansar frå Rauland, som lika å danse til denne slåtten.

Olav R. Berge

Olav R. Berge var frå Rauland, son av Rikard Aslaksson Berge.

245: Springar . Nedskrift Groven 1920 (G 395). Slåtten er i slekt med Kjosespringaren. 259: Springar . 261: Springar etter Myllaren .

Øystein Hovdestad

Øystein Hovdestad var frå Vinje.

262: Lange-Jon . 263: Fanteladda . 264: Springar . 265: Vriompeisen .

Olav Flåto

Olav Flåto var frå Hovin.

272: Springar etter Dokkestaulen . 273: "Hu, Dokkestulen min" . 274: Springar etter Hellosen .

Gregar Nordbø den eldre

Gregar Nordbø var frå Bø i Telemark. Han skreiv ned mange av slåttane sine sjølv.

280: Springar . 282: Springar . 283: Springar . 284: Au, hoss det rullar i meg . 285: Springar .

Nordbøkatalogen

286: Geitungen, (Nordbøkatalogen), . 287: Vesle Hans, (Nordbøkatalogen), . 288: Springar, (Nordbøkatalogen), . 289: Torje Hallens minne, (Nordbøkatalogen), .

Tjøstov Lofthus

Tjøstov Lofthus var frå Lårdal.

346: Springar etter Berglanden . Nedskrift Eivind Groven 1960 (G 1207). Opnar noko likt Belarguten. Det er tre spelemenn som alle heiter Olav Bergland, frå Seljord, Vinje og Heddal. Det er ikkje visst kven av dei som er kjelde til denne slåtten. 347: Skaka på sekken . Nedskrift Eivind Groven 1960 (G 1208). Lofthus hadde slåtten etter Tarjei Tvigyva, Lårdal. Opnar noko likt Kvenneslåtten.

Hans Omland

Hans Omland var frå Kviteseid.

268: Springar . 271: Haugebuen .

Magne Manheim

Magne Manheim var frå Seljord.

305: Borkjen . 306: Gygrestolen .

Andre kjelder

237: Springar etter Knut Trondsson, etter Olav Straume, Fyresdal . Nedskrift Groven 1960 (G 1197). Knut var godfar til Olav Straume. 239: Veumen, etter Knut Dale, Tinn . Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (Bjørndal gamle slåttar hefte 3 nr 6). Dale lærte slåtten av Petter Veum frå Fyresdal i 1850. Slåtten heiter etter han. 242: Springar etter gamle Hans Fykerud, etter Kjetil Løndal, Tuddal . Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 401). 249: Stubben, etter ymse kjelder . Nedskrift Groven 1938 (G 553). Slåtten er opphavleg etter Hans Smeland frå Seljord. Groven har skjøtt på frå Olav Groven, Åsmund Groven og Rikard Gøytil. Noko sams med Vårfuglen. 250: Springar, etter Gunleik Smedal, Seljord . 258: Siklebekken, etter Erling Himestaul, Rauland . 260: Myllarspringar, etter Gunnar Dale, Tinn . 266: Kolsrudslått, etter Jon Kolbjørnsrud, Heddal . 267: Eg hev tent på skogje, etter Aslak Torjusson, Rauland . 270: Man i Hegnaskotet, etter Kjetil Løndal, Tuddal . 300: Hølje Plassen, etter Olav Groven, Lårdal . 303: Bægjuvslått, etter Hølje Vårstulen, Gransherad . 304: Springar, etter Rikard Gøytil, Rauland . 316: Storesau Lauvik, etter Tarjei Tvigyva, Lårdal . 348: Springar, etter Aslak Torjusson, Rauland . Nedskrift Eivind Groven 1960 etter minne (G 1211). 349: Springar etter Kjetil Haugen, etter Olav Groven, Lårdal . Nedskrift Eivind Groven 1961 etter minne (G 1219). Olav Groven hadde slåtten etter Kjetil Haugen frå Vinje.

Slåttekrinsar knytt til Telemark

Springar etter gamle Hans Fykerud

Hardingfeleverket nr 363. Nedstilt bass. Slåtten er og kalla "springar etter Svein K. Løndal".

a: Springar etter Svein Løndal, etter Kjetil Løndal, Tuddal. Nedskrift Eivind Groven 1962 etter opptak i NRK (G 1476). Svein er far til Kjetil. b: Haugerudspringar, etter Margit Juvland, Rauland. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter minne. Margit Juvland tralla slåtten i 1909, og ho hadde lært han av Torkjell Haugerud.

Fjellbekken

Hardingfeleverket nr 367. Slåtten er forma ut av Eilev Smedal, som og kalla han springar etter Fykerud. Lars Fykerud skulle då ha laga slåtten.

a: Fjellbekken, etter Steingrim Haukjem, Veggli. Nedskrift Truls Ørpen 1933 (Ø 135). Haukjem hadde slåtten etter Kjetil Flatin i Seljord, som hadde han etter Eilev Smedal. b: Springar etter Fykerud, etter Eilev Smedal. Nedskrift Eivind Groven 1936 (G 371). Smedal hadde slåtten etter broren Harald Smedal.

Veneflamma

Hardingfeleverket nr 368. Slåttenamnet skal koma frå ei jente i Flesberg som hadde tett lyst hår og var uvanleg flink til å danse. Båe formene som er tekne med her kjem frå Telemark.

a: etter Olav R. Berge. Nedskrift Eivind Groven 1919 (G 720). b: etter Steingrim Haukjem. Nedskrift Truls Ørpen 1921 (Ø 88). Haukjem hadde slåtten frå Knut Dale, Tinn.

Tinndølspringar

Hardingfeleverket nr 369. Slåtten er frå Tinn, men er og kalla springar etter gamle Hans Fykerud. Nedstild bass. Knut Dale hadde lært slåtten av Hans Fykerud.

a: Tinndølspringar, etter Halvor Klonteig, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter minne (G 1232). Groven lærte slåtten i 1921. b: springar etter gamle Hans Fykerud, etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK. Slåtten er etter Knut Dale.

Gibøspringar

Hardingfeleverket nr 370. Dei to variantane her er på ulike felestille, og forma etter Eivind Mo er rekna til Systerslåttane.

a: Springar etter Håvard Gibøen, etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1298). Slåtten er etter bestefaren Knut Dale. Nedstilt bass. b: Gibøspringar, etter Eivind Mo, Seljord Nedskrift Truls Ørpen 1956 etter opptak i NRK (Ø 541). Mo hadde slåtten etter Tor Rudningen frå Lunde. Eivind Groven arrangerte slåtten til orkestersuiten Faldafeykir. Understilt.

Signe Ulladalen

Hardingfeleverket nr 373. Tradisjon etter Håvard Gibøen.

a: etter Johannes Dale. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1280). b: etter Rikard Gøytil, Rauland, Nedskrift Eivind Groven 1960 etter privatopptak (G 1202).

Saltevju

Hardingfeleverket nr 374. Slåttenamnet skriv seg frå ein gard i Nesherad. Slåtten er og skriven ned i Krødsherad.

a: etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1230). b: etter Johan Kleven, Krødsherad. Nedskrift Truls Ørpen 1917 (Ø 39). Kleven hadde slåtten etter far sin, Gamle-Kleven, som vel hadde han frå spelemenn i Telemark.

Sagafossen

Hardingfeleverket nr 375. Slåttenamnet er etter Halvor Sagafossen frå Heddal.

a: etter Steingrim Haukjem, Veggli. Nedskrift Truls Ørpen 1921 (Ø 120). Haukjem har slåtten frå Telemark. b: etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1936 etter grammofonplate (G 448).

Rjukanfossen

Hardingfeleverket nr 376. Slåtten er dikta av Knut Dale attmed Rjukanfossen. Det er fortald at han bygde ut ein eldre slått medan han sat og mol korn (etter Truls Ørpen). Etter Bjørndal skal Dale ha lært slåtten av Myllarguten på Åmyri ved Rauland i 1860.

a: etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1269). b: etter Olav Groven, Lårdal. Nedskrift Eivind Groven 1935 etter minne.

Madsson

Hardingfeleverket nr 377. Slåttenamnet er etter spelemannen Torstein Madsson frå Tinn.

a: etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1241). b: etter Steingrim Haukjem, Veggli. Nedskrift Truls Ørpen 1921 (Ø 85). Haukjem hadde slåtten etter Steinar Gladheim i Veggli. Gladheim har truleg slåtten frå ein spelemann i Tinn.

Prestegåra

Hardingfeleverket nr 378. Slåtten er og kalla Luse-Søren. Truleg bøheringstradisjon. Prestegåra er eit oppnamn på ei jente som tente på prestegarden og som gjerne tralla eller dansa til denne slåtten (Kjetil Løndal). Luse-Søren er eit namn som vart sett på slåtten under ein båttur mellom Notodden og Skien. Svein K. Løndal spela slåtten, og ein lusete kar baud opp ei gravid jente til dans. "Eg kan vel ikkje danse eg som er slik!" sa ho. "Eg har dansa med prestens tjuge brurar, då kan eg vel danse med deg med!" svara Søren. Eit tredje namn på slåtten er Busterugga.

a: etter Jon Lunden, Bø i Telemark. Nedskrift Eivind Groven 1954 etter opptak i NRK (G 1125). b: Luse-Søren, etter Hølje Landsverk, Tuddal. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 707). Slåtten byrjar noko likt Makalausen.

Anund Roheim, hardingfele, gjorde ein innspeling av «Luse-Søren» i Oslo i august 1949. Han blei utgjeven på 78-plata HMV A.L. 3027.

Olav Grovens Minne