Dale kyrkje står i grenda Dale ved Lustrafjorden i Luster kommune i Vestland og er ei mura langkyrkje frå kring 1240. Dale sokn er fyrste gong nemnt i brev frå biskop Arne i 1306, medan kyrkja og prestestova er nemnt første gong i 1321. Bygget har skip med rektangulært grunnplan og eit smalare og lågare kor.Hoff, Anne Marta (red) (2000): Dale kyrkje 750 år. Utgjeven av Nord 4 og Dale kyrkje. Mellomalderkyrkja hadde ikkje tårn. Tårnet i form av ein takryttar vart sett på i 1634-34, men tårnet er seinare kraftig ombygd. Våpenhuset vart oppført i 1646-48. Det er gravkammer i ein krypt under golvet og kyrkja tok mest betalt for gravplass under koret, men i 1804 kom det forbod mot gravlegging inne i kyrkja. De står fortsatt omkring 60 kister med balsamerte leivningar i krypten.
Kyrkja utmerkjer seg med eit godt bevart barokkinteriør og ein klebersteinsportal som er mellom dei aller fremste steinarbeida ein har frå mellomalderen i Noreg. Klebersteinen til kyrka vart truleg broten i Kleberseggi på Indre Hafslo, og den høge kvaliteten på steinarbeidet tyder på at det har vore folk frå utlandet som har hogd til portalen og dei andre klebersteinsdelane i kyrkja.
Kyrkja er soknekyrkje i Dale sokn i Sogn prosti.
Sokneprestar Namn og tenestetid. Stevelin Adamson Reutz 1677-1687 Hans Henrikson Urdahl 1687-1728 Peder Jensson Juel 1730-1745 Jens J. Borchsenius 1745-1754 Fredrik N. Cimber 1754-1760 Gerhard (Gert) Andersson Daae 1761-1784 Ludolf Krohn 1785-1795 Anders Gerhardson Daae 1795-1803 (son av tidlegare prest) Edvard A. Quale 1803-1828 Hans N. Bonnevie 1834-1844 Just O. Moss 1845-1852 Carl Herman Peterson Hansen 1852-1861 Adolf Christie Fritzner Daae 1875-1896 Håkon Hovland 1963-1968
Galleri
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder Anne Marta Hoff: «Dale kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Dale kyrkje i Luster» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Om Dale kyrkje på nettstaden til Luster kommune Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Dale kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Eldre fotografi av Dale kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Luster Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer vigde St. Nikolaus Kategori:Kulturminne i Luster Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Rosemåla kyrkjer