mini|Illustrasjon av Chandra.

Chandra (engelsk: Chandra X-ray Observatory) er eit røntgenteleskop og det tredje teleskopet i NASA sitt Great Observatories-program. Det blei plassert i bane rundt jorda med romferja Columbia 23. juli 1999.«The Chandra Mission» - Generelt om teleskopet på heimesida. Før oppskytinga var teleskopet kjend som AXAF, kort for Advanced X-ray Astrophysics Facility. Det var på tida det blei bygt det mest sofistikerte røntgenteleskopet med ein oppløysning åtte gonger betre og med ei evne til å kunna avsløra røntgenkjelder 20 gonger svakare enn kva som helst anna teleskop.«Chandra X-ray Observatory Quick Facts»

Chandra har fire vitskaplege instrument: eit biletspektrometer, eit høgoppløysningskamera og høg- og lågenergi-spektrometer.

Teleskopet er namnsett etter den indisk-amerikanske fysikaren Subrahmanyan Chandrasekhar.«The Man Behind The Name» - Om Chandrasekhar på heimesida til teleskopet.

Bakgrunnsstoff

Heimesida Heimesida hjå NASA

Kjelder

Kategori:Romobservatorium Kategori:Røntgenteleskop