Arnljot er eit mannsnamn, av norrønt Arnljótr, av Arn 'ørn' og ljótr , kanskje 'skinande'.

Arnljot har namnedag den 1. juli i Noreg.

Bruken av namnet i Noreg I Noreg fekk namnet ein renessanse med diktverket Arnljot Gelline av Bjørnstjerne Bjørnson, men utbreiinga har gått attende sidan midten av 1900-talet.

I folketeljinga frå 1801 var det ingen som var manntalsført med dette namnet I 1900 var vel 60 personar som var listeførte med namneformene Arnljot, Arnliot, Arnlioth og Arenljot, av dei 13 i Nordland I 2008 var det 238 som heitte Arnljot til første fornamn

Kjende namneberarar Arnljot Eggen (1923 - 2009), norsk lyrikar Arnljot Høyland (1924 - 2002), norsk professor

Oppdikta personar Arnljot Gelline, diktverk av Bjørnstjerne Bjørnson

Kjelder

Folketeljingar i Digitalarkivet Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til dyr