Kristent Konservativt Parti er eit tidlegare politisk parti i Noreg. Partiet oppstod i 1989 då minipartiet Fredspartiet endra namn. På denne tida kravdest det 5000 underskrifter for å registrera eit nytt parti. Derimot kravdest det ingenting for å endra partinamn. Derfor skjedde det ved fleire høve at nye småparti omgjekk underskriftskravet ved formelt å ta over partinamnet til andre småparti som låg brakk, og så endra namnet. Fredspartiet hadde på denne måten oppstått gjennom fleire namneskifte frå det opphavleg registrerte Noregs Demokratiske Parti.

Kristent Konservativt Parti stilte til val ved stortingsvala i 1993 og 1997. I 1993 fekk det 1974 røyster (0,08 %), i 1997 fekk det 1386 røyster (0,05 %).

Det vart fusjonert med Samlingspartiet Ny Fremtid den 26. september 1998 til Kristent Samlingsparti.

Partiet hadde aldri noka stor oppslutting, men seinare stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle, blei i si tid vurdert som toppkandidat i Hordaland.

Kategori:Tidlegare norske politiske parti Kategori:Skipingar i 1989 Kategori:Nedleggingar i 1998