Borgny er eit kvinnenamn, av norrønt Borgný, av Borg 'berging, vern' og ný.[Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991 Olav Veka:Namneboka]
Borgny har i Noreg namnedag 2. desember (somme kjelder seier 26. oktober)
Bruken av namnet i Noreg Namnet Borgny var lite bruka på 1800-talet, men fekk eit oppsving dei første tiåra av 1900-talet. Sidan har bruken av namnet gått attende.
I folketeljinga frå 1801 var det 2 som hadde namnet i formene Borgni, Borgi I 1900 var 152 personar som var listeførte med namneformene Borgni, Borgnie, Borgny I 2023 var det 927 som heitte Borgny til første fornamn
Kjende namneberarar Borgny Svalastog (f. 1943), norsk kunstnar
Kjelder
Folketeljingar i Digitalarkivet
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav