Fedrelandspartiet var eit norsk parti, som vart stifta 17. mai 1990. Partiet kalla seg eit verdikonservativt nasjonalistisk parti som definerte idégrunnlaget sitt som «å verne om Noregs nasjonale interesser, og forsvare og vidareutvikle den norske og kristne kulturarv med basis i ei demokratisk grunnhaldning». Fedrelandspartiet har vore lista som eit høgreradikalt parti.

Politikk Som hovudsak arbeidde partiet for å avgrense innvandring til Noreg. Partiet nytta mellom anna menneskerettskonvensjonen som argument for eit nasjonalitetsprinsipp basert på at det ikkje skal vera store forflyttingar av folk mellom nasjonalstatane. Fedrelandspartiet var motstandarar av norsk medlemskap i EU av same grunn.

Struktur Rådet Rådet var partiets høgaste organ i den forstand at Rådet skulle godkjenne alle endringar i ideologisk verdigrunnlag og partiet sine vedtekter. Rådet var ikkje demokratisk valt, men var sett saman av partistiftarane og kunne supplere seg sjølv.

Sentralstyret Fedrelandspartiet var organisert i eit sentralstyre som hadde den daglege drifta av partiarbeidet. Sentralstyret vart valt av landsmøtet og hadde ein formann, nestformann, kasserar og sekretær, i tillegg til eit varierande tal på styremedlemmer. Eitt av styremedlemmane kom frå Rådet. Landsmøtet Landsmøtet var sett saman av landsstyret, Rådet og eit tal på representantar frå kvart fylkeslag, i tillegg til partiet sine eventuelle stortingsrepresentantar. Til vanleg vart landsmøta haldne i dei åra det ikkje var offentlege val. Landsstyre Landsstyret var sett saman av sentralstyret og formennene i fylkeslaga. Styret vart kalla saman av sentralstyret når dette fann det naudsynt. Fylkeslag Fylkeslag vart oppretta fylkesvis og godkjende av sentralstyret. Lokallag Lokallag vart hovudsakleg oppretta for kvar kommune og godkjende av det aktuelle fylkeslag sitt styre.

Historie Fedrelandspartiet vart skipa 17. mai 1990 i Bergen. Ved stortingsvalet 1993 fekk partiet 0,5 % av røystene, noko som er det beste valresultatet i etterkrigstida for eit ytterleggåande innvandringsfiendtleg parti. Ved stortingsvalet 2005 stilte Fedrelandspartiet ikkje til val. Fleire medlemer, inkludert nestleiaren Bjarne Betten, stilte til val for Demokratane.

Partiet vart offisielt lagt ned 31.12.2008. Partiet vart sletta i Partiregisteret 8.1.2009.

Statistikk Partileiarar 1990-1994: Harald Trefall 1994-1996: Odd Even Hårvik 1996-2002: Harald Trefall 2002- ? Arild Kibsgaard

Valoppslutning

Kommuneval 1991 - Karmøy kommunestyre: 1 repr. 1995 - Ingen repr. 1999 - Ingen repr.

Fylkesval 1991 - Hordaland fylkesting: 1 repr. 1995 - Ingen repr. 1999 - Stilte lister til alle fylkesting. Ingen repr. Stortingsval 1993 - Stilte lister i alle fylke. 11 694 stemmer (0,5%): 0 repr. 1997 - Stilte lister i alle fylke. 3 775 stemmer: 0 repr. 2001 - Stilte lister i alle fylke. 2 353 stemmer: 0 repr.

Kjelder

Kategori:Norske politiske parti Kategori:Nasjonalistiske parti Kategori:Innvandringskritiske parti Kategori:Politiske parti skipa i 1990 Kategori:Politiske parti nedlagde i 2008 Kategori:1990 i Noreg Kategori:2008 i Noreg