Rybinsk (russisk Ры́бинск) er den nest største byen i Jaroslavl oblast i Russland. Byen ligg ved samløpet mellom elvene Volga og Sjeksna.
Tidleg historie mini|venstre|Rybinsk på 1820-talet. mini|venstre|Foto frå 1800-talet av eit kloster nær Rybinsk, som no er oversvømd av Rybinsk-reservoaret. mini|Kornbørs i Rybinsk.
Rybinsk er ein av dei eldste slaviske busetnadane ved Volga. Staden vart første gong nemnd i krøniker i 1071, som Ust-Sjeksna, dvs. «Sjeksnas munning». I løpet av dei neste fire hundreåra vart busetnaden vekselvis referert til som Ust-Sjeksna eller Rybansk. Etter 1504 vart han nemnd i dokument som Rybnaja Sloboda (omsett «fiskarlandsbyen»). Namnet vert forklart med det faktum at busetnaden forsynte hoffet til fyrsten i Moskva med utsøkt stør.
På 1600-talet, då slobodaen drog fordel av Muscovy Company sin handel med Vest-Europa, vart han velståande nok til å bygge fleire steinkyrkjer, der berre ei er bevart til i dag. Meir gammal arkitektur finst i området, mellom anna den siste tre-spira kyrkja (i Aleksandrovklosteret) og familien Usjakov sin familiegravstad på Openberringsøya).
Gullalderen På 1700-talet levde slobodaen framleis godt på Volgahandelen. Katarina II innvilga byrettar til Rybnaja Sloboda og gav han eit nytt namn, som byen Rybinsk. Byen var ein stad der frakt vart omlasta frå store Volga-fartøy, til mindre båtar som var i stand til å ferdast på det grunne Mariinsk kanalsystemet, som knytte det russiske innlandet saman med Austersjøen. Med ein folkesetnad på 7000 handterte byen Rybinsk dagleg opp til 170 000 sjøfolk og opp til 2000 elvebåtar. Den lokale elvehamna vart derfor kalla «lektersjauarane sin hovudstad».
Som handelshovudstad i øvre Volga trekte Rybinsk tidlegare mange utlendingar, som bygde ei luthersk kyrkje og ein imponerande romersk-katolsk katedral, etter sigande den høgaste ved Volga.
mini|Frå Rybinsk på 2000-talet. 1900-talet Under sovjettida heldt Rybinsk fram ei imponerende serie med nye namn, og endra namn heile fire gonger: til Sjtsjerbakov (etter Aleksandr Sjtsjerbakov) i 1946, tilbake til Rybinsk i 1957, til Andropov (etter Jurij Andropov) i 1984 og igjen tilbake til Rybinsk i 1989.
Dei viktigaste industriane i dagens Rybinsk er produksjon av flymotorar og eit vasskraftverk.
Folk Målaren Boris Grigorjev var frå Rybinsk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rybinsk» frå , den 30. november 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar ved Volga Kategori:Den gylne sirkelen i Russland