mini|Eit glitrande dansk juletre.
«Du grøne, glitrande tre» (opphavleg «Du grønne, dejlige Træ») er ein julesong tileigna juletreet. Songen har tekst av Johan Krohn (1841–1925) og melodi av Christopher Ernst Friedrich Weyse (1774–1842) eller Edvard Grieg (1843–1907). Songteksten vart omsett til nynorsk av Bernt Th. Anker i 1906.
Teksten vart første gong utgjeven anonymt i 1866 i boka Peters Jul.Kaliope Han skildrar eit ferdigpynta juletre «med Julelys og med danske Flag» og følgjer opp med korleis stjerna i toppen skal minna om Jesusbarnet.
Den mest kjende melodien, med repetisjonar i refrenget, er skriven av Weyse. Denne melodien vert òg bruka i bryllupssalmen «Det er så yndig å følges ad»
Kjelder Fotnotar
Bakgrunnsstoff Tekst etter 1866-utgåva i Kaliope Faksimile av 1870-utgåva Nynorsk tekst, Aasentunet Salmebloggen til Leif Haugen
Kategori:Julesongar Kategori:Danske dikt