Hans-Georg Aschenbach () er ein tidlegare tysk skihoppar.

I 1969 blei Aschenbach juniorverdsmeister, og to år seinare vann han sin fyrste nasjonale meisterskap (i DDR). Han vann den tysk-austerrikske hoppveka sesongen 1973/74, sesongen etter at han blei verdsmeister i skiflyging. I 1974 blei han verdsmeister i både normal- og storbakken, og under OL 1976 i Innsbruck vann han gull i normalbakken.

I 1989 uttalte Aschenbach at alle austtyske utøvarar måtte ta steroidar. Han påstod at dei som ikkje ville vere med på dopingprogrammet blei kutta frå landslaget og møtte store problem i privatlivet. Aschenbach flytta seinare til Freiburg, Vest-Tyskland, og blei lege der.

Kategori:Tyske skihopparar Kategori:Austtyske idrettsutøvarar Kategori:Verdsmeistrar i skiflyging Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1976