Mitch Easter () er ein USA-amerikansk musikar og produsent. Som musikkprodusent er han truleg best kjend for å ha arbeidd med R.E.M. frå 1981 til 1984, sjølv om han også har arbeidd med andre band, som Pavement, Suzanne Vega, Game Theory, Marshall Crenshaw og Velvet Crush.

Som musikar spela Easter i Sneakers seint på 1970-talet, var frontfigur i bandet Let’s Active på 1980-talet og meir nyleg medlem av The Orange Humble Band og Coronet Blue, som delvis er supergrupper. Det fyrste soloalbumet hans kom i 2007.

Kjelde Artikkelen var opphavleg basert på «Mitch Easter» på Engelsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff MitchEaster.com Fidelitorium Recordings MySpace-profilen til Mitch Easter MySpace-profilen til Shalini

Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske musikarar Kategori:Folk frå Nord-Carolina