«Taxman» er ein song av The Beatles og opningssporet på albumet Revolver frå 1966. Songen er basert på ei personifisering av skatteselskap som HM Customs and Excise, Inland Revenue og Internal Revenue Service. Songen vart skrive av George Harrison.
Harrison fekk inspirasjon til songen då han oppdaga kor mykje av det han tente som faktisk gjekk til skatt.
Harrison fekk noko hjelp til teksten frå John Lennon, som skreiv enkelte linjer for han. Lennon nemnte mellom anna den dåverande statsministeren i Storbritannia, Harold Wilson, og den framtidige statministeren Edward Heath, i songen.
Harrison syng songen som om han er skatteinnkrevaren, ein person som prøver å få mest mogeleg pengar ut av folk med linjer som «If you try to sit, I'll tax your seat».
Medverkande I følgje Ian MacDonald, utanom der andre er nemnde:
George Harrison – solovokal, rytmegitar John Lennon – korvokal, rytmegitar Paul McCartney – korvokal, bassgitar, sologitar Ringo Starr – trommer, kubjølle, tamburin
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Taxman» frå , den 15. desember 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Alan W. Pollack om «Taxman»
Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Protestsongar Kategori:Songar skrivne av George Harrison Kategori:Junior Parker-songar Kategori:George Harrison-songar Kategori:Stevie Ray Vaughan-songar Kategori:Weird Al-Yankovic-songar Kategori:Saga-songar Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Franz Ferdinand-songar