Andreas Gottlob Rudelbach () var ein dansk teolog.
Rudelbach vart cand.theol. i 1820 og doktor philos. i 1822. I 1825 stilte han seg som ortodoks lutheranar på Grundtvig si side i strid mot rasjonalistiske teologar.
I 1829 fekk han teneste som superintendent og leiande prest i Glauchau i Sachsen. Frå 1840 utgav han saman med Guericke Zeitschrift für die gesammte lutherische Theologie und Kirche. Her markerte han seg som talsmann for luthersk lære.
I 1845 vende Rudelbach attende til Danmark, og vart sokneprest i Slagelse 1848. Etter kvart vart han ein skarp kritikar av Grundtvigs syn på kyrkja, spesielt var han motstandar av valsokn (fritt presteval).
Bibliografi Eit utval bøker skrivne av C.A. Rudelbach: Die augsburgische Confession (1830) Savonarola und seine Zeit (1835) Reformation, Lutherthum und Union (1839 Christelig biographie (1846-48; tysk auka utg, 1849-50). Den evangeliske kirkeforfatnings oprindelse og princip etc. (1849) Om det borgerlige ægteskab (1851) Om sognebaandet og om ordinationens væsen (1852) Om begrebet folkekirke (1854) Kirkefrihedens elementer i den danske statskirkelige ordning og lovgivning siden 1537 (1854) Om psalmeliteraturen og psalmebogssagen (1856)
Kjelder: Nordisk familjebok (1916)
Kategori:Danske prestar Kategori:Danske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå København