Olaf Huseby () var ein norsk forleggjar ifrå Systrond i Sogn. Av yrke var han utgjevar og bokreidar i mange år, både i Oslo og Sambandsstatane. Han tok lærarskulen på Stord. Der møtte han Sven Aarrestad, jærbuen som var vinstremann, målmann og fråhaldsmann. Han hadde lærarpost i Brevik 1876–79, men vart neitta fast stilling av di han skreiv i eit radikalt blad (Breviks Avis). Han studera bokreidarkunna i Tyskland og England 1881–83. Då han kom att til Noreg, skipa han saman med Olaf Olsen (sidan Norli) ein bokhandel i Oslo. Denne bokhandelen gav ut bøker av Amalie Skram og Arne Garborg. Då Norli var i Paris i studieåri sine, dreiv Huseby bokhandelen åleine. Etter eit bel braut Huseby samvinna med Norli og dreiv for seg sjølv. Då sytte han for å gjeva ut landsmålssalmane hans Elias Blix. I 1903 fór Huseby til Sambandsstatane og sette i gang med bokreiding i Minneapolis. Han var bladstyrar i eige blad, Den Nye Heimen. Då han flutte til Morris i Minnesota, gav han ut både dagblad og vekeblad. Eit tiltak Huseby ikkje fullførte, var soga om den norske utvandringa til Amerika.
Kjelder
Norsk Årbok 2008 Utdjupande artikkel om Huseby av Hermund Kleppa på snl.no
Kategori:Norske forleggjarar Kategori:Folk frå Leikanger