Lavik og Brekke var frå 1861 til 1905 ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen vart skipa ved at kommunane Brekke og Lavik vart slegne saman. Ved skipinga budde det 898 personar i Brekke og 926 i Lavik. Året etter, i 1862, vart Bø sokn skild ut frå Lavik og Brekke kommune for å gå med i den nye Hyllestad kommune som då vart oppretta.
I 1875 vart ein del av Kyrkjebø (som då heitte Klævold), nabokommunen i aust, overført til Lavik og Brekke kommune. Frå 1. januar 1905 vart Lavik og Brekke kommune deld i to att, og Lavik og Brekke var igjen to sjølvstendige kommunar. Frå 1964 har Lavik vore del av Høyanger kommune, og Brekke av Gulen kommune.
Ordførarar ÅrstalOrdførarYrke1859-62Peder Fredrik HartwigKaptein1863-73Lasse EllingsenKyrkjesongar1873-77Peder Fredrik HartwigKaptein1878-83Matias EllingsenKyrkjesongar1884-89Mons H. OppedalBonde1890-1901Lasse J. WergelandBonde1902-04Berge InstefjordLærar
Fotnotar
Bakgrunnsstoff «Kommunehistoria i Høyanger» på nettstaden til NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Kart som viser soknegrenser i 1979 på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Gulen kommune Kategori:Hyllestad kommune Kategori:Høyanger kommune