Tommy er ei engelsk kjæleform for Thomas som også er blitt brukt som eit døypenamn. Namnet er særleg utbreidd i USA, men er også vanleg i Skandinavia.
Tommy har norsk namnedag den 21. desember.
Bruk Tommy var mykje brukt i Noreg på siste halvdel av 1900-talet, særleg i 1970-åra, då over 1,0 % av nyfødde gutar kunne kallast Tommy. I 2008 var det 9 256 norske menn som heitte Tommy og 79 som heitte Tommi.
Tommy i kulturen
«Tommy» eller «Tommy Atkins» er eit kallenamn for britiske soldatar brukt både innan den britiske hæren og utanfor. I Noreg er teikneserien Calvin and Hobbes av Bill Watterson kjend som Tommy og Tigern. Tommy er namnet på ein rockeopera av det engelske rockebandet The Who frå 1969. Tommy og Annika er dei to venene til Pippi Langstrømpe i bøkene til Astrid Lindgren.
Kjende namneberarar Tommy Lee Jones (f. 1946), USA-amerikansk skodespelarr Tommy Hilfiger (f. 1951), USA-amerikansk moteskapar Tommy Dorsey (f. 1956), USA-amerikansk jazztrombonist Tommy Nilsson (f. 1960), svensk artist Tommy Olsson (f. 1963), svensk kunstnar Tommy Skjerven (f. 1967), norsk fotballdomar Tommy Rustad (f. 1968), norsk bilsportsutøvar Tommy Tee (f. 1971), norsk DJ Tommy Stenersen (f. 1976), norsk fotballspelar Tommy Ingebrigtsen (f. 1977), norsk skihoppar Tommy Urhaug (f. 1980), norsk bordtennisspelar Tommy Øren (f. 1980), norsk fotballspelar Tommy Fredvang (f. 1982), norsk musikar Tommy Eide Møster (f. 1983), norsk fotballspelar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tommy» frå , den 19. desember 2008.
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av engelsk opphav