Askvoll kyrkje står i Askvoll sentrum i Askvoll kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje frå 1863.

mini|høgre|Askvoll med kyrkja. Arkitekt for kyrkja var kunstnaren Anders Askevold, han har òg måla altartavla som syner Jesus i bøn i Getsemane. Altartavla vart måla til den førre kyrkja, og vart berga ut då denne brann ned i 1862.Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Askvoll kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kyrkja høyrer til Askvoll sokn i Sunnfjord prosti. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 låg soknet i Askvoll prestegjeld.

Historie Den noverande kyrkja er den fjerde kjende i bygda. Den fyrste var ei stavkyrkje som truleg stod på staden som no vert kalla Kyrkjebakken og som fyrst er nemnd i kjeldene i 1306. Den andre kyrkja vart bygd i 1604, og var ei tømra kyrkje som stod til 1859, då vart ho erstatta av ei krosskyrkje som berre fekk stå tre år før ho brann ned etter at lynet slo ned i henne.«Fjordungskyrkje i Askvoll» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

1814 I 1814 var Askvoll sokn hovudsokn i Askvoll prestegjeld, og Askvoll kyrkje var hovudkyrkja. Soknepresten i 1814 var Peter Johan Arnet (1740-1826) frå Skogn i Levanger. Han tok til i stillinga i 1789 og gjekk av med pensjon 14. desember 1815.

Prins Christian Frederik sendte i 1814 ut ei kunngjering om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag i hovudkyrkja i prestegjeldet. Den tømra kyrkja frå 1604 husa både eidsavlegging og val av to representative valmenn til eit amtsvalmøte. I Askvoll kyrkje vart bededagen halden 18. mars.

Askvoll kyrkje var vallokale tre gonger i 1814: På den særskilde bededagen 18. mars, ved valet av valmenn til omframt storting 9. september og ved valet av valmenn til det første ordinære stortinget 30. desember.Østevik, Elin (2014): Grunnlovsjubileum – 1814 i Askvoll prestegjeld. Frå Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder Om Askvoll sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Askvoll Kategori:Kulturminne i Askvoll Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:1863 i Noreg