mini|Heinesen på eit færøysk frimerke frå 1988. Andreas William Heinesen, kjend som William Heinesen () var ein færøysk forfattar, komponist og biletkunstnar. Heinesen var fødd og døydde i Tórshavn.

mini|William Heinesen (til venstre) med Jørgen-Franz Jacobsen i 1918. Heinesen vert helden for å vere den viktigaste færøyske forfattaren og blant dei viktigaste danskspråklege forfattarane i si tid. Heinesen skreiv på dansk, slik venen og syskenbarnet hans, Jørgen-Franz Jacobsen også gjorde. Forfattardebuten kom med diktsamlinga Arktiske elegier i 1921, men det er som romanforfattar han er mest kjend. Romanen Den sorte Gryde vart eit gjennombrot for han. Han fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1965 for romanen Det gode håb frå 1964.

Bøkene hans er omsette til ei rekkje språk.

Prisar og utmerkingar 1951: Selskabet for de skiønne og nyttige Videnskabers Pris for romanen De fortabte spillemænd 1965: Holberg-Medaillen 1965: Nordisk Råds Litteraturpris for romanen Det gode håb 1968: Emil Aarestrup Medaillen 1980: Den danske Kritikarprisen for novellesamlinga Her skal danses 1984: Gelsted-Kirk-Scherfig-Prisen 1984: Karen Blixen Medaljen 1987: Svenska Akademiens Nordiska Pris 1988: Sonning-prisen

Bibliografi Diktsamlingar 1921: Arktiske Elegier og andre Digte 1924: Høbjergningen ved Havet 1927: Sange mod Vaardybet 1930: Stjernerne vaagner 1936: Den dunkle Sol 1955: Digte i udvalg 1961: Hymne og harmsang 1972: Panorama med regnbue 1983: Vinterdrøm. Digte i udvalg 1920-30 1984: Samlede digte 1990: Digte

Novellesamlingar 1957: Det fortryllede lys 1960: Gamaliels besættelse 1967: Kur mod onde ånder 1970: Don Juan fra Tranhuset 1973: Fortællinger fra Thorshavn 1975: Grylen og andre noveller 1980: Her skal danses 1985: Laterna magica

Romanar 1934: Blæsende Gry 1938: Noatun 1949: Den sorte gryde 1950: De fortabte spillemænd 1952: Moder Syvstjerne 1964: Det gode håb 1976: Tårnet ved verdens ende

Bakgrunnsstoff Færøyane kunstmuseum Om biletkunstnaren Heinesen hjå Faroeartstamps.fo Dansk Litteraturhistorisk Bibliografi

Kategori:Danske forfattarar Kategori:Færøyske forfattarar Kategori:Vinnarar av Nordisk råds litteraturpris