Engels (russisk Э́нгельс) er ein by i Saratov oblast i Russland. Byen er ein hamneby ved elva Volga, og ligg vis-a-vis Saratov som har hatt brusamband med kvarandre sidan 1965. Byen har om lag 220 000 innbyggjarar.
Byen vart grunnlagt i 1747 som Pokrovskaja sloboda (russisk: Покровская слобода). Han fekk bystatus og nytt namn, Pokrovsk (russisk: Покровск), i 1914. Det tyske namnet var Kosakenstadt. Han vart i 1924 hovudstad i den Volga-tyske autonome sosialistiske sovjetrepublikken, som no er ein del av Saratov oblast. Det noverande namnet Engels fekk han i 1931, kalla opp etter Friedrich Engels.
mini|venstre|Brua frå Saratov til Engels
Byen vart grunnlagt av ukrainske nybyggjarar, og vart busett av tyskarar under regjeringstida til Katarina den store.
Byen er tilhaldsstad for Engels-1, den største og mest aktive strategiske bombeflybasen i Russland.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Engels» frå , den 25. desember 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1747 Kategori:Byar ved Volga