Erling Indreeide () er ein norsk forfattar og psykolog. Han bur på Skedsmokorset i Lillestrøm kommune og er opphavleg frå Eidsdal i Møre og Romsdal.
Indreeide er utdanna psykolog frå Universitetet i Oslo. Han debuterte som forfattar i 1972 med diktsamlinga Trakter og har sidan gjeve ut dikt, essay, drama, gjendikting og dikt for barn. Han er tildelt Melsom-prisen.
Han har vore aktiv i organisasjonslivet og har hatt sentrale tillitsverv i Den norske fofattarforening (DnF) og Noregs Mållag. Indreeide har også arbeidd som skulespsykolog i Nittedal og Skedsmo.Erling Indreeide 75 år - Aftenposten 20. april 2020
Verk Dramatikk 1996 Adam og Eva. Ei kjærleikssoge
Prosa 1990 Eplekosmos, barnebok 1993 Reiser seg og går, forteljing
Sakprosa 2001 Tann for auge og andre reiser 2002 Om det monstrøse, essay 2003 Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader, sakbok
Dikt 1972 – Trakter 1979 – Sant nok 1983 – Vegar, vatn og fjell 1987 – Vinkel i vind 1992 – Bilde og bein 1994 – Gud til nytte 1995 – Dikt i utval 1988 – I magen på gamle tre 2006 – Langrenn : dikting 2004-2005 basert på verkelege hendingar : eit forsvarsskrift (teorien, himmelen og jorda) 2012 – Vi er presens 2014 – Infinitivsmerke. Hjelpebok for fysikkundervisning
Gjendikting 1993 – William Blake: Giftarmålet mellom Himmel og Helvete, gjendikta saman med Hanne Bramness
Prisar og utmerkingar 2004: Melsom-prisen for Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader
Referansar
Bakgrunnsstoff
Utgjevingar av Erling Indreeide i Biblioteksøk Utgjevingar av Erling Indreeide i BIBSYS
Kategori:Folk frå Norddal Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Nynorskforfattarar