__NOTOC__ For Hæstad kapell i Dønna, sjå Hæstad kyrkje

Hestad kapell, lokalt òg kalla Øyrakyrkja, står på den smale Øyratangen som skil Hestadfjorden frå Viksdalsvatnet i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei lita langkyrkje frå 1805. Delar av den førre kyrkja, ei stavkyrkje frå mellomalderen, vart brukt då kapellet vart sett opp.

Skipet og koret er lafta medan våpenhuset er stavbygd. Kapellet er truleg sett opp på dugnad av bygdefolket.

Det tidlegaste ein finn Hestad-kapellet nemnd i kjeldene er 1327. Då vert det omtald som Capella de herstadum i eit paveleg rekneskap. I Bergen Kalvskinn frå kring 1350 står Hedinstada kirkia nemnd.

Kapellet har sidan 1917 vore eigd av Fortidsminneforeninga, og det fungerer som museumskyrkje i tillegg til at det plar verte halde nokre få faste gudstenester i det om året. Det kan òg haldast bryllaup og dåpsgudstenester der.

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder Jan Anders Timberlid: «Hestad kapell» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen Kart over som viser grensene til prestegjelda i 1801, på nettstaden digitalarkivet.no

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Hestad kapell på nettstaden til Gaular kommune «Hestad kapell» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Eldre fotografi av Hestad kapell på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Oversyn over gravminne i Gaular kommune på nettstaden disnorge.no Skanna kyrkjebøker på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1800-åra Kategori:Fortidsminneforeningens eigedommar Kategori:Kulturminne i Sunnfjord Kategori:1805 i Noreg