Philippe Lebon' () var ein fransk oppfinnar. Han er kjent for å ha arbeidd med å forbetra dampmaskina, utvinning av vedgass for bruk i lamper og for å ha kome med framlegg om å laga ein gassmotor. I 1799 fekk han patent på ein metode for å produsera vedgass.
Motoren han arbeidde med hadde tre dobbeltverkande sylindrar. Den eine sylinderen vart nytta for å komprimera luft, den andre for å komprimera gass og den tredje var arbeidssylinderen. Forbrenninga føregjekk i eit eksternt forbrenningskammer, som var kopla til arbeidssylinderen med eit røyr. Han fekk patent på motoren i 1801.
Lebon|Philippe Lebon|Philippe